Hopp til innhold

– Slurvar med farleg avfall

Storparten av industriverksemdene i Sogn og Fjordane handtererer farleg avfall så dårleg at det kan gå ut over liv og helse.

Farlig avfall

Illustrasjonsfoto.

Foto: LM Otero / AP

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal

UROA: Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal er oppgitt over avfallshandteringa ved mange industriverksemder.

Foto: NRK

Det meiner miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Han er rysta over at avfallshandtering ikkje blir tatt meir på alvor.

Fare for liv og helse

I storparten av alle verksemdene dei kontrollerer finner dei så alvorlege feil og manglar at det kan gå utover liv og helse.

– Desverre er det nesten meir regelen enn unntaket at det er avvik når vi kjem på inspeksjoner, seier miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Fylkesmiljøvernsjefen er skuffa over at storparten av alle industriverksemdene i Sogn og Fjordane bryt lova. Yndesdal fortel om ein praksis der handtering av farleg avfall ikkje blir tatt på alvor.

– Vi finn avvik på at avfallet blir lagra utan at det er forsvarleg låst inne, emballert og merka. Og vi finn også avvik på at dette farlege avfallet er brent på staden. Det er absolutt ulovleg.

Yndesdal meiner fleire av tilfella er så alvorlege at det kan gå utover liv og helse.

Trugar med politimelding

– Det er ikkje tilfredsstillande og det er skuffande at bedriftene ikkje har betre rutinar for den type oppfølging av eit område som er høgt prioritert frå miljøvernstyresmaktene si side.

Vik Industrier er ei av dei mange versemdene som bryt lova. Dei har mellom anna store manglar ved handteringa av farlege kjemikaliar. Men dagleg leiar Odd Rune Turvoll vil ikkje la seg intervjue av NRK, og viser til at dei nettopp har motteke inspeksjonsrapporten frå Fylkesmannen.

Yndesdal varslar no nye inspeksjonar, bøter og i verste fall politimelding dersom versksemdene ikkje skjerpar seg.

– Det er ikkje for ingenting at denne typen avfall skal handterast på ein god og forsvarleg måte.