Hopp til innhold

Navarsete spent på sin etterfølgjar

Liv Signe Navarsete legg ikkje skjul på at ho er spent på distriktspolitikken til den nye regjeringa. I dag måtte ho med vemod gje frå seg nøkkelen til departementet.

Liv Signe Navarsete (SP) hadde i dag sin siste dag som kommunal-og regionalminister. No er det Jan Tore Sanner (H) som tek over som kommunal- og moderniseringsminister.

BLÅTT: Med blå blomar og blått silkeband markerte Liv Signe Navarsete eit skifte då ho i dag leverte frå seg nøkkelen til kommunal- og regionaldepartementet.

– Her skal du få ein litt symbolsk nøkkel til eit stort departement, og til det som kanskje er det aller viktigaste departementet for folk sin kvardag, sa Navarsete då ho overleverte nøkkelen til Jan Tore Sanner.

Sp-leiaren hadde i dag sin aller siste dag som kommunal- og regionalminister, og når Høgre sin mann tek over blir det som kommunal- og moderniseringsminister.

Navarsete legg ikkje skjul på at ho er spent på kva politikk departementet ho trer ut av vil føre dei neste åra.

– Han er flink, men han står sjølvsagt for ein politikk som er heilt annleis enn det eg gjer, seier ho til NRK.no etter nøkkeloverleveringa.

– Ein spesiell dag

Liv Signe Navarsete er opphavleg frå Sogndal og vart vald innpå Stortinget i 2005. Først fekk ho rolla som samferdsleminister, og då ho fire år seinare vart attvald tok ho over som kommunal- og regionalminister.

Etter årets val er det slutt på Navarsete si tid som statsråd. For første gong sidan ho fekk plass på Løvebakken skal ho no «berre» vere stortingspolitikar.

– Det har vore ein spesiell dag, der vi først var hos Kongen for å få godkjent at vi skulle få gå av, og så utnemne ny regjering, seier Navarsete.

– Eg vil sakne menneska

Ho legg ikkje skjul på at det har vore tungt å ta farvel med mange nære medarbeidarar i departementet, men også andre som følgde ho tett kvar einaste dag.

– Det å ta farvel med departementet og folket der, det var litt tøft. Vi har jobba tett saman i fire år. Både dei eg har jobba med politisk og i departementet, men også dei tilsette som er fantastisk flinke og hyggelege folk. Det er menneska eg vil sakne, seier ho.

– Mange trur kanskje det er dei svarte bilane vi kjem til å sakne, men det er sjåførane vi har hatt. Alle dei samtalene vi har hatt etter tøffe tak, i seine nattetimar… Det er mange menneske eg vil sakne som eg ikkje får så mykje kontakt med framover, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ny regjering ved kongens bord

VED KONGENS BORD: Det er no Jan Tore Sanner (sit som nummer tre på høgre side av bordet) som får sitje ved Kongens bord. Liv Signe Navarsete vedgår at det var vemodig å vere på slottet for siste gong.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg vil ønskje deg lukke til

I tillegg til menneska legg ho ikkje skjul at ho kjem til å sakne gjennomføringsevna ved å få sitje som statsråd.

– Eg kjem til å sakne det som ligg i å få gjennomført politikken. Eg meiner vi har fått gjennomført mykje dei åtte åra vi har sete i regjering, både for Sogn og Fjordane, og for heile landet, seier ho.

Dei neste fire åra vil det blåse ein blå vind over kontoret som Navarsete måtte gje vidare i dag. Det hadde også Sp-politikaren lagt litt i, og med blå blomar og ein nøkkel hengande i eit blått silkeband gav ho stafettpinnen vidare til sin etterfølgjar.

– Du kjem til eit velordna departement, og du kjem til eit departement som betyr mykje for enkeltmenneske i heile landet, sa Navarsete i det ho ønskte Jan Tore Sanner lukke til.

– Du får mykje å gjere, og du får eit embetsverk som er lojalt, som jobbar godt og som vil serve deg godt. Du kan gle deg til å ta fatt, og eg vil ønskje deg lukke til, sa Navarsete.

Fekk ros med seg på vegen

Landets nye kommunal- og moderniseringsminister hadde fleire gode ord på lager.

– Du har vore usedvanleg flink til å løfte fram mangfaldet i norske kommunar. Du har eit stort og brennande engasjement, og det har aldri vore noko tvil om at du har stått på kommunane si side. Du har vore oppteken av lokaldemokratiet og enkeltmenneska.

– Eg har stor respekt for deg som politikar og den jobben du har gjort, sa Jan Tore Sanner til Navarsete.

Spent på dei neste åra

Sjølv er Navarsete spent på kva dei neste åra med Høgre ved roret vil føre til.

– Jan Tore Sanner er ein røynd politikar og han er flink.

– Men med den kommunereforma dei har lova, og det at dei så tydeleg, ved å døype om departementet, tonar ned regional- og distriktspolitikken, det gjer meg noko uroa for kva som vil bli den politiske retninga.

– Men han som person er flink og ein respektert politikar, så slik sett ligg ting til rette for at han skal gjere ein god jobb, seier Navarsete.