Hopp til innhold

Navarsete vil halde fram som partileiar

Det har den siste tida vore spekulert i om partileiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, ville halde fram som partileiar etter valet. Under valvaken sa ho klart og tydeleg ifrå om at ho vil halde fram.

Senterparti-leder Liv Signe Navarsete talte til valgvaken.

BERGAR PLASSEN: Det har vore ei tøff tid for Senterpartiet fram mot valdagen, men valdagsmålingane har gjort det lysare for partiet. Ikkje berre ser Liv Signe Navarsete ut til å berge plassen sin på Stortinget, ho har også sagt klart og tydeleg at ho ønskjer å halde fram som partileiar.

Det har ikkje berre sett lyst ut for Senterpartiet inn mot valet, men så langt ligg dei bra an.

Klokka 23.26 har partiet ei oppslutnad på 5,7 prosent, ein nedgang på berre 0,5. Det er langt betre enn venta.

– Det er for tidleg å seie noko om resultata, men målingane tyder på at Senterpartiet kan komme tilbake til der vi var, og det syner at vi har gjort ein god jobb. Men med tanke på regjering ser det ikkje lovande ut, det må vi innrømme, sa Navarsete frå talarstolen under valvaka i Oslo.

Vil halde fram som leiar

Likevel kan ho ovanfor NRK bekrefte at ho vil halde fram som partileiar uansett kva resultatet blir.

– Ja, det vil eg, sa ho, klart og tydeleg.

Det var ei rørt Navarsete som snakka til partifellane sine under valvaka, der ho rosa alle for innsatsen i valkampen. Ho meiner resultatet så langt syner at kommentatorar og media i Oslo ikkje skjønar seg på Senterpartiet.

– Vi er eit grasrotparti. Vårt styrke ligg lokalt, og vi har drive ein lokal valkamp. Heller enn å vere i det tabloide media har vi vore ute og møtt folk, og eg trur det er det valresultatet også viser, at vi har snakka med folk og fått tillit blant dei, seier partileiaren.

Spent stemning

Knut M. Olsen

SPENT: Generalsekretær i Senterpartiet Knut M. Olsen fortel om god stemning på valvake.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Dei gode tala på valdagsmålingane har gjort stemninga på valvaka til Senterpartiet langt betre enn det kunne ha vore. Generalsekretær i partiet, Knut M. Olsen frå Jølster, seier stemninga likevel er spent.

– Den er sjølvsagt spent, fordi vi ser målingane sprike mykje, men dei sprikar på eit ganske bra nivå for oss, så det er ein oppløfta stemning her i kveld, seier han.

Olsen meiner det likevel er viktig å ha is i mange og sjå an kva resultatet blir. .

– Vi veit at våre folk er flinke til å mobilisere, også inn mot valet, og det ser ut til å ha gitt gode resultat også denne gongen.

Frykta ikkje for mandata

At det no ser ut til at både Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum skal berge mandata sine, har Olsen vore trygg på heile vegen.

– Og eg trur at folk, ikkje minst i Distrikts-Noreg, også Sogn og Fjordane, har sett stor pris på jobben som er gjort på områda samferdsel, distrikt og landbruk, seier Olsen.

Navarsete er letta over å sjå at plassen hennar er sikra.

– Vi kjempar for kvart einaste mandat. Vi er eit parti som trengst i norsk politikk. Vi står for viktige verdiar, og nettopp det trur eg som sagt at enkelte i Oslo har vanskeleg for å skjøne, seier ho.

Også landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum, kjenner seg langt meir trygg no enn tidlegare. Etter at valdagsmålingane kom tidlegare i kveld sa han at nervane var rolegare.

– Eg har trekt pusten lett i heile dag, før eg kjende det litt under armane no i stad. Litt nervar må det vere, for dette betyr utruleg mykje for veldig mange. No er det hyggeleg at valdagsmålinga og prognosen er god, men vi veit av erfaring at det er talet på stemmer som tel til sjuande og sist.