Hopp til innhold

Naustdal krev folkerøysting om Vestlandsregionen

Kommunestyret i Naustdal krev at det blir halde folkerøysting om ei samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal

NY RUNDE MED FOLKERØYSTING: Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, håper fylkestinget vil ta inn over seg fråsegna frå Naustdal sine folkevalde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mot dei to røystene til Høgre, sa kommunestyret i dag at dei meiner at ei samanslåing vil få så store konsekvensar at det ikkje er nok med ei open høyring for å vite kva folk i fylket meiner.

– Kommunestyret meiner at dsmanslåing vil ha så store konsekvensar at her må ein ha ei folkerøysting, slik at folk få rseie kva dei meiner, seier ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang.

Fylkesrådmannen har kome med ei tilråding om at prosessen om samanslåing skal no ut på ei brei høyring, men i Naustdal meiner dei ikkje at dette er nok.

– Det er ikkje nok til å få fram kva folk eigentleg meiner, det er ei folkerøysting som er den beste framgangsmåten for at folk skal få seie si meining.

Med fråsegna frå kommunestyret, er det opp til fylkestinget å vurdere om innbyggarane i Sogn og Fjordae skal spørjast om råd.

– No har vi hatt folkerøysting i kommunane om kommunestruktur, og slik må det vere òg når vi skal sjå på om vi skal slå saman fylker, eller ikkje, seier ordføraren.