Hopp til innhold

Vil at staten skal slutte å marknadsføre bygda

HODDEVIK (NRK): Avsidesliggande naturperler opplever enorm tilstrøyming. Pensjonateigar ber Innovasjon Norge om å kutte marknadsføringa av bygda før det er for seint.

Anne Karin Lerfald

SURFEMAMMA: Anne Kari Lerfald driv surfepensjonat frå huset sitt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi ser ei veldig auke. Det har eskalert. Når varmen kjem så tyter det inn folk. Berre i går var det 10 stykke som spurte om å campe i hagen min, seier Anne Kari Lerfald.

Lerfald driv surfepensjonat i Hoddevik på Stadlandet. Bygda er kjent for den lange kvite stranda mot havet. Om vinteren samlast der surfarar frå heile verda, men også om somrane strøymer det til med tilreisande.

Hoddevik

IDYLL: Slike bilete frå Hoddevik får stadig fleire til å ville oppleve bygda mot Stadhavet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men medaljen har ei bakside, meiner Lerfald.

– Det finst ei grense for kor mykje folk plassen toler. Det går på tryggleik, helse, naturvern, og sunn fornuft.

Lerfald meiner Innovasjon Norge gjer ei tabbe når dei marknadsfører bygda som reisemål.

– Visit Norway har marknadsført plassen som ei naturperle som ein berre kan kome til og bruke. Dei har til dømes hatt kampanjar på flyplassane, men vegane toler ikkje for mange tilreisande, ikkje sjøfuglane som hekkar ved sanden, og ikkje vi som bur her, seier Lerfald.

Camping Hoddevik

CAMPING: Stadig fleire teltar ved campingplassen i Hoddevik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Innovasjon Norge seier dei forstår kritikken

Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge Bente Bratland Holm seier dei jobbar med å tilpasse marknadsføringa si.

– Vi ser særleg på Vestlandet og i Nord-Norge at det byrjar å nærme seg ei smertegrense enkelte stadar, seier ho.

Bratland Holm seier dei vil tone ned marknadsføringa av pressområda om somrane.

– Det kan bli for mykje for lokalsamfunna enkelte tider av året, seier Bratland Holm.

– Staden er heilt magisk

Men på same tid finn stadig fleire reisande fram til naturperlene anten staden er marknadsført eller ikkje.

Innovasjon Norge seier sosiale medium er den viktigaste staden vi finn ut korleis vi vil reise. På Instagram ligg det tusenvis av bilete frå Hoddevik.

– Eg vil absolutt anbefale andre å reise hit, det er fantastisk fint her, seier Torjus Klette.

Han har tatt turen frå Voss saman med syskenborna Hilde og Henrik Bussesund. Dei har brukt dagane på surfekurs og fjellturar.

Telting

TELTING: Syskenbarna har telta i to netter i Hoddevika.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Henrik Bussesund trur sosiale media har mykje å seie for at så mange er i bygda på same tid.

– Folk legg ut bilete, fine stadar blir oppdaga fort av mange folk, seier han.

Hilde Bussesund meiner mengda av folk har vore heilt grei dei dagane dei har vore der.

– Det er kult her, kjekt å surfe og fin strand med fin natur. Førebels går dette bra, seier Hilde Bussesund.

– Det er eigentleg fint å vere saman med andre som vil nyte finvêret, vi hadde god plass rundt oss, seier Torjus Klette.

Trur sosiale medium har mykje å seie

Anne Kari Lerfald er likevel spent på utviklinga. Ho understrekar at store delar av året er det roleg i Hoddevik, men meiner det i høgsesongen blir meir folk enn plassen toler.

Ho viser til at kommunen i fjor asfalterte fleire mål nær stranda for å gjere plass til bilane som kjem til bygda. Samstundes tyder alt på at tilstrøyminga vil halde fram å vekse.

– Alle vil til små perler og små stader. Det blir for mange fotspor, og for mange bilete ute i verda som sel noko som eigentleg ikkje toler å bli selt, seier Lerfald.