Næringslivstoppar må i fengsel for grov korrupsjon 

Ein tidlegare leiar i fiskefôrgiganten Ewos er dømd til fengsel i over to år, medan ein leverandør blei dømd til over eitt år.

EWOS i Florø og Pelagia Florø

DØMDE TIL FENGSEL: To menn er dømde til fengsel.

Foto: unknown

Artic Shipping-eigaren Ove Nikolai Vilnes frå Førde og den tidlegare tilsette i fiskefôrprodusenten, Ewos, Gunnar Ole Lidahl frå Trondheim, er dømde til fengsel for grov korrupsjon. Vilnes er dømd til fengsel i eitt år og fire månader.

Lidahl må halde til to år og seks månader bak murane. Lidahl har ifølge lagmannsretten mottatt vel 1,22 millionar kroner og får inndratt 895.126 kroner.

I dommen heiter det at overføringane gjekk føre seg over ein periode på sju og eit halvt år og at handlinga ber preg av å vere veloverveid og med eit fast forsett.

Vilnes er funnen skuldig i to tilfelle av grov korrupsjon på til saman 483.000 kroner. Retten meiner Vilnes ytte Lidahl pengane for å oppnå fordelar for sitt eige selskap. Dommarane karakteriserer det som grov korrupsjon. Vilnes er frifunnen for påstandane om grov økonomisk utruskap. Han er også frifunnen for påstanden om å skjule ei straffbar handling gjennom kvitvasking.

Utvikla vennskap

Vilnes var hovudmannen bak reiarlaget Artic Shipping i Førde, og har i ei årrekkje levert båtar som fraktar fiskefôr til Ewos. Det er i denne samanheng Vilnes er dømd for å ha bestukke Lidahl.

Samarbeidet mellom Lidahl i Ewos og Artic Shipping-eigar Vilnes kom i stand mot slutten av 1990-talet, og vart stadig tettare gjennom dei første åra på 2000-talet.

Det forretningsmessige samarbeidet mellom dei to domfelte resulterte etter kvart også i eit privat vennskapsforhold. Dei delte interessene for båtar, hadde leilegheit på same stad i Spania og investerte i felles leilegheit.

– Alvorleg kriminalitet

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik hos Økokrim seier lagmannsretten dømde mennene til ei lågare straff enn tingretten. I haust dømde Sør-Trøndelag tingrett Lidahl til fire år i fengsel for grov korrupsjon, medan Vilnes blei dømd til tre år og seks månader.

– Dette er alvorleg økonomisk kriminalitet, men lagmannsretten valde å gi lågare straff enn tingretten. Lagmannsretten fann ikkje bevis for eit like stort omfang av korrupsjon som tingretten gjorde.

Er denne dommen eit nederlag for økokrim?

– Ingen dommar er verken nederlag eller siger for påtalemyndigheitene.

-– De har ikkje nådd heilt gjennom. Kva tenker de om ei mogleg anke?

– Vi skal sjå nærare på dommen og sjå om det er aktuelt med ei anke.

Korrupssjonssaka

Ein trønder, ein sunnfjording og ein mann busett i Hordaland vart alle dømde til fengsel i tingretten. Våre 2019 gjekk ankesaka i lagmannsretten i Trondheim.

  • Slutten av 1990-talet
    Samarbeidet startar

    Samarbeidet mellom Ewos og gründerbedrifta frå Sunnfjord startar. Dei blir raskt ein av fiskefôrprodusenten sine største leverandørar.

  • Tidleg på 2000-talet
    Dei tiltalde blir vener

    Den dåverande logistikksjefen i Ewos utviklar eit nært vennskap med dei to grûnderane. Dei dreg på guteturar saman og er i kvarandre sine familieselskap.

  • 2004
    Kjøper leiligheit saman

    I 2004 kjøper dei tre tiltalte ei leiligheit saman i Aloe i Spania. Ewos-sjefen har i lengre tid drive med eigedomsinvesteringar i det solfylte landet.

  • 15.september 2010
    Felles selskap blir skipa

    Det tette samarbeidet mellom gründerane og Ewos resulterer i eit nytt selskap. Ewos eig 40 prosent, dei andre resten.

  • Mars 2015
    Finn ein halv million i kontantar

    I samband med etterforsking av Ewos på grunn av mistanke om mangelfull innbetaling av avgift, blir logistikksjefen sin private bustad ransaka. I eit skrin i ein safe finn politiet ein halv million kroner i kontantar.

  • 8. juli 2015
    Ewos ilagt førelegg

    Ewos blir ilagt ei bot på 9,9 millionar kroner for manglande betaling av avgifter.

  • Mai 2015
    Sikta for grov korrupsjon

    Funnet av det store pengebeløpet heime hos Ewos-sjefen avdekker mistanke om grov korrupsjon. Dei tre kamaratane blir sikta og seinare tiltalte for grov korrupsjon.

  • 31. august 2018
    Blir dømde til fengsel

    Tingretten dømmer dei tre til fengsel utan vilkår og meiner at dei er skuldige etter den omfattande tiltalen. Alle tre ankar.

  • 21. januar 2019
    Ny rettssak

    Ankesaka startar i Frostating lagmannsrett. Det er kalla inn over 30 vitne og det er sett av sju veker til saka.

  • 11. april 2019
    Dom

    Ein mann i 60 åra frå Trøndelag og ein sunnfjording i 50-åra er vart dømde til fengsel for grov korrupsjon. Den tredje, ein hordalending, vart frikjend.

Meiner straffa er for streng

Advokat Erik Ulvesæther meiner Vilnes har fått altfor streng straff.

– Han er frifunnen for mange av skuldingane, og står igjen med eit beløp på i underkant av 500.000 kroner. Ut frå det retten har funne bevist er straffa altfor streng. Vi vil vurdere om vi skal anke til høgsterett, seier han.

– Klienten din er dømt for grov korrupsjon. Angrar han på det han har gjort?

– Det har eg ingen kommentar til.

Lidahl sin advokat har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Ein mann i 50-åra frå Hordaland, som tidlegare var sentral i Artic Shipping, stod også tiltalt i saka. Han vart frifunnen. Tidlegare er ein mann frå Trøndelag dømt til fengsel i 11 månader for grov korrupsjon. Lidahl mottok korrupsjonen.