Hopp til innhold

Eliteseriespel for Sogndal er gull verdt for næringslivet i regionen

Næringslivet i Sogn gnir seg i hendene over at Sogndal er klare for eit nytt år i eliteserien. Skilnaden på eliteserie og førstedivisjon er som natt og dag for dei.

Målscorarane Ørjan Hopen og Ulrik Flo.

FORNYA KONTRAKT: Ørjan Hopen og Ulrik Flo skåra måla som sikra Sogndal fornya kontrakt i eliteserien. Det jublar også næringslivet i Sogn for.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ulrik Flo og Ørjan Hopen sette Fosshaugane i fyr og flamme med sine mål mot Brann på søndag. Men det var ikkje berre på tribunane det vart jubla då laget frå saftbygda sikra seg eit nytt år i eliteserien.

Næringslivet i Sogn veit at spel i eliteserien er god butikk. Ein av dei som ikkje legg skjul på det er Atle Lægreid som driv Lægreidspuben og Lægreid hotel.

– Vi gjer faktisk ikkje budsjettet vårt ferdig før fotballsesongen er ferdig, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Stor glede i Sogndal, og eigentleg ikkje så stor sorg i Bergen.
Det er fasiten etter vestlandsoppgjeret og siste serierunde i fotball.
Sogndal vann 2-0 og sikra plassen i eliteserien.
Men, fare for å mista mange sentrale spelarar...

SJÅ TV-SAK: Sogndal vidare i eliten.

Det stod om millionar

Dagen etter at Sogndal kunne sleppe jubelen laus for fornya kontrakt i eliteserien er det lukka og låst på Lægreidspuben i sentrum av Sogndal. Med kniven på strupen viste sognelaget kva dei var gode for, og etter 2–0 siger over Brann vart det spontan feiring. No er puben vaska og rydda.

– Det er godt lukta byrjar trekkje ut av lokalet, men lyden heng framleis att, flirer Lægreid.

Som sjef for både Lægreidspuben og Lægreid hotel var dei tre poenga i siste serierunde viktige for han. Sjølv følgjer han kampane tett, for ikkje før han veit korleis det går med fotballaget kan han gjere ferdig budsjettet for neste år.

– Det er vesentleg for oss å ha kontroll på kva divisjon skal spele i. Reint omsetnadsmessig så utgjer det to millionar kroner for puben sin del, seier Lægreid.

Kva fornya kontrakt har å seie for hotellet sin del har han ikkje rekna på, men det er mykje slår han fast umiddelbart.

(Artikkelen held fram under biletet)

Atle Lægreid

BUDSJETT: Atle Lægreid ventar med å gjere klart neste års budsjett før han veit korleis det går med Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det kan du setje to strekar under

Gleda og entusiasmen då jubelen kunne sleppast laus for eit nytt år på øvste nivå er ein ting. Kor mykje dette betyr for bedriftene i Sogndal og Indre Sogn, er noko heilt anna.

Det er vanskeleg å få konkrete tal på det, men administrerande direktør, Arvid Andenæs, i Sogn og Fjordane Sparebank er trygg på at det betyr mykje.

– Det er eg heilt sikker på, utan tvil, og det kan du setje to strekar under, seier Andenæs til NRK.no.

Han meiner eliteseriespel spesielt er viktig i forhold til nyetableringar i Sogndal.

– Ein ser at Sogndal er noko meir enn ein liten tettstad på Vestlandet. Her har du profesjonalitet rundt Campus-miljøet og du får positive opplevingar.

– På TV kan ein sjå Davy Wathne og andre fortelje til heile Norge at om Brann hadde vore like profesjonelt drive som Sogndal, så burde dei vore i Champions League kvart år.

– Som natt og dag

Senterleiar på Sogningen Storsenter, Wilhelm Tangerud, nektar ikkje på dei positive effektane for næringslivet. Eliteseriespel betyr mynt i kassa for dei 53 butikkane han husar – og trur det vil bli endå betre neste år.

– Neste har dei fjerna måndagskampane og det blir fleire laurdagskampar. Vi håpar på mange laurdagskampar for Sogndal, for då får vi endå fleire tilreisande supporterar og vi håpar også at fleire frå eige fylke vil kome på kamp, seier Tangerud.

På spørsmål om det er så stor skilnad på eliteseriespel og spel i første divisjon svarar Tangerud slik.

– Vi ser det heilt klart på tilreisande. No i helga hadde vi bergensarar som kom inn fredag og reiste søndag. Dei tek med seg familien, bur på hotell og handlar på kjøpesenteret.

– Ringverknadene i forhold til tippeliga eller første divisjon er som natt og dag for oss.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalspelarane takkar publikum.

TAKKA PUBLIKUM: Sogndalspelarane takka publikum for støtta etter at dei sikra seg tre livsviktige poeng mot Brann. Næringslivet er også takksame for det spelarane fekk til, dei nyt nemleg godt av eliteseriespel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ingenting, eller feiring

Ved det andre sentrumshotellet i bygda, Quality Sogndal, har dei også rydda opp etter feiringa. Det var hit spelarane og støtteapparatet heldt fram feiringa etter at dei mange jubelscenene på stadion.

Direktør Jørgen Christian Lindstrøm har ikkje noko eige fotballrekneskap, men kan likevel slå fast at eliteserie er god butikk.

Lindstrøm er gamal fotballspelar sjølv, og pleier å sjå an kamputviklinga før han kallar inn ekstravakter på kampdagane. Kor mange besøkjande dei kan vente seg etter kamp er heilt avhengig av resultatet på grasmatta.

– Det er natt og dag, enten så er det ingenting, eller så er det feiring, flirer han.