NRK Meny
Normal

Sogn og Fjordane får 69,8 millionar Dagmar-kroner

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 69,8 millionar kroner til å dekkje kostnader knytte til ekstremvêret Dagmar.

Kollage Dagmar og Liv Signe

FÅR MEIR: Kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete, er nøgd med at departementet kan bidra med meir pengar.

Foto: NRK

Skadane etter ekstremvêret Dagmar har vore enorme, og Sogn og Fjordane vart hardt råka då stormen råka i romjula. Det vart enorme skadar på kommunal- og fylkeskommunal infrastruktur.

– Dette betyr store og uventa utgifter for både kommunar og fylkeskommunar. Eg er glad for at vi kan bidra med å dekkje delar av utgiftene deira, seier kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete.

Får nesten halve potten

Det blei løyvt 145 millionar kroner ekstra i skjønsmidlar i revidert nasjonalbudsjett. Dette skal gå til kommunar og fylkeskommunar som blei ramma av uvêret. Det er av denne potten Sogn og Fjordane no får sin del.

Praksis i saker der kommunar søkjer om skjønsmidlar i samband med naturskade, er at departementet dekkjer halvparten av utgiftene.

Dersom kommunen eller fylkeskommunen har meirutgifter ut over 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekt halvparten, dekkjer departementet i tillegg det overskytande beløpet.

Er framleis mogleg å melde inn

Dette betyr at departementet vil kompensere Sogn og Fjordane fylkeskommune med 69,8 millionar kroner, og Møre og Romsdal fylkeskommune med 17 millionar kroner.

Mange har framleis ikkje endeleg oversikt over kostnadene etter Dagmar. Men det er endå tid.

– Det er framleis moglegheiter, sjølv om ein ikkje har fått meldt inn alt, seier Navarsete.

Ho har ikkje oversikt over om alle skadane i Sogn og Fjordane er melde inn per i dag.

– Fram til 1. november kan ein via Fylkesmannen melde inn ting som ikkje er melde inn, seier Navarsete.

Svarar til 75 prosent av behovet

– Dei skadane vi har hatt svarar til mellom 90 og 100 millionar kroner. Så då ligg vi på om lag 75 prosent med dei skadane vi har meldt inn i forhold til vegnettet, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

PASSE NØGD: Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Tore Eriksen, konstaterer at 75 prosent ikkje er så gale.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I utgangspunktet ønskte Sogn og Fjordane fylkeskommune å få dekt alle kostnadene til oppretting av dei skadane fylket har fått.

– Vi ser mellom anna at når staten har kompensert sine eigne etatar på riksvegsida, så har dei her i fylket gitt 100 prosent dekning. Men det får altså ikkje fylkeskommunen, så det er eit lite minus seier Eriksen.

Men han poengterer at ting kunne vore verre.

– Det var ei stund spekulert i at vi kunne hamne ut med 50 prosent dekning, og då får vi seie at 75 prosent er ein plass midt mellom det vi kanskje burde fått og det vi hadde frykta, så sånn sett er det ikkje verst, seier Eriksen.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen