Fleire stader i fylket er framleis spora etter orkanen Dagmar godt synlege. Det er ikkje gjort i ei handvending å rydde opp etter stormen i romjula.
Men på Lo-Vik Camping nærmar dei seg målet, sakte, men sikkert.
– Eg skriv ikkje timar. Eg ville berre fått sjokk dersom eg hadde summert det, seier eigar av Lo-Vik Camping, Kjell Loen, og humrar.
– Eg tek det som skal gjerast etter kvart, og så berre gløymer eg det, seier Loen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Var fullstendig smadra
Synet som møtte han andre juledag såg meir ut som ei krigssone enn den idylliske campingplassen som han administrerer.
Campingvogner var kasta fleire titals meter av garde, området var fullt av knuste delar frå både hytter og campingvogner og det såg mest ut som noko det ikkje var råd å få orden på.
– Einskilde gret, medan andre tok det med eit smil, sjølv om ferieheimen deira var smadra i tusen bitar, fortel Loen.
- LES OGSÅ:
Sanitærbygget og andre område var fulle av tang og tare, og det tok mykje tid å krefter å få alt på stell att.
Men i dag er det lite som minner om tilstandane i desember. Nye campingvogner er på plass, og nye hytter har reist seg.
(Artikkelen held fram under biletet)
Håpar det er lenge til neste gong
– Det er uhyggeleg med desse orkanane, særleg når det skjer om natta og alt er mørkt. Du veit ikkje heilt kva som har skjedd, seier Ledvard Mork, som er med og hjelper til på campingplassen.
Han håpar det er lenge til neste gong dei får ein slik ryddejobb i fanget.
– Det er mange som trur at det ikkje kan blåse slik her inne i mellom fjella, men det gjer det når det kjem frå rette kanten, seier Mork.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Nærmar seg målet
Loen legg til at dei har veldig mykje arbeid bak seg, men at dei no ser enden på det.
– Det har vore veldig mykje arbeid, men no byrjar det å komme i boks. Det er berre småting som står att, seier Loen.
Han gler seg til å opne campingplassen att, og få på plass dei første gjestane.
– Ja, det gjer eg. Det er alltid kjekt å opne kvart år, seier Loen.