Hopp til innhold

– Vi var fleire naboar som sprang bort med våre eigne brannslokkarar og byrja å sløkke

STÅRHEIM (NRK): Ein telefon frå sonen gjorde at Bernhard Piel tok med seg brannsløkkingsapparatet og storma til Øien båt. Det kan ha hindra ein storbrann.

Nabo varsla om brann ved Øien båt, Stårheim, Bernhard Piel

GODE NABOAR: Bernhard Piel og naboane til Øien båt fekk ros av politiet for sin innsats før brannvesenet kom fram. – Det er viktig å vera gode naboar, seier Piel.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi var fleire naboar som sprang bort med våre eigne brannslokkarar og byrja å sløkke. Vi tømte fleire apparat før brannvesenet kom fram, seier Bernhard Piel.

Det var seint i går kveld at det tok til å brenne i Øien båtfabrikken på Stårheim og brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen. Årsaka var innsatsen naboane gjorde før naudetatane kom fram.

Ros av politiet

I 22-tida i går kveld fekk Bernhard Piel ein telefon frå sonen som var på veg heim frå Stryn til Stårheim. Då køyrde han forbi fabrikken og såg flammane.

– Då han ringde og sa kva som hadde skjedd tok eg med meg brannslukkaren og sprang ned. Vi fekk avgrensa brannen ganske godt før brannvesenet kom fram, seier Piel.

Også fleire andre naboar strøymde til. Innsatsen vert rosa av politiet.

– Dei starta umiddelbart med sløkking. Det var med på å hindre at heile fabrikken tok fyr, og at store verdiar gjekk tapt, sa politibetjent Eivind Bjørk, som var innsatsleiar i går kveld.

Bedrifta har 18 tilsette

Piel meiner også at innsatsen deira var viktig.

– Det rauk og brann kraftig då vi kom fram. Vi gjorde vårt beste for å avgrensa skaden og hadde vi ikkje gjort det kunne dette gått skikkeleg gale, seier Piel.

Øien båt har heldt på sidan slutten av 1960-talet og starta med båtproduksjon i 1967. Bedrifta har 18 tilsette og omsette i 2016 for over 20 millionar kroner og gjekk nær fire millionar i overskot.

Brann

KONTROLL: Då brannvesenet kom fram til fabrikken fekk dei raskt kontroll på brannen.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK