NRK Meny
Normal

Myvollen trekkjer seg frå lista

Ingvar Torsvik Myrvollen trekkjer seg som kandidat til stortingsvallista til Høgre.

Ingvar Torsvik Myrvollen

TREKKJER SEG: Ingvar Torsvik Myrvollen har gitt beskjed om at han ikkje er aktuell som kandidat til stortingsvallista.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Myrvollen var føreslegen av tre lokallag, men kandidaturet har møtt sterk motbør frå partiveteran Eva Marie Halvorsen.

Eva Marie Halvorsen

RYSTA: Eva Marie Halvorsen meiner det er uheldig å blande korta.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Ho er rysta over at fylkessekretæren er foreslått av tre lokallag til plass på den komande stortingslista, og meiner han må seie frå at han er uaktuell.

Halvorsen viser til at Høgre har hatt turbulens kring nominasjonar tidlegare og partisekretæren kan ikkje ta parti eller stille for ei side.

– Dette er å blande korta og eg er rysta over at dette no skjer, seier ho.

Er folkevald i Flora

Fylkesleiar Arve Mjømen ser dilemma som Halvorsen peikar på, men viser til at tidlegare fylkessekretær Finn Ove Njøsen var bystyremedlem i Førde, samtidig med Eva Marie Halvorsen, og Myrvollen fekk stå på kommunevallista til Flora Høgre ved sist val.

I ettermiddag seier altså Ingvar Torsvik Myrvollen at han no har trekt seg. Men han seier det prinsipielt må vere lov å føreslå tilsette i partiet.

– Ironisk nok kom eg direkte frå eit politisk møte, som folkevald i Flora. Men eg tykkjer dette er greitt å få avklart. Eg har stor glede av å jobbe med politikk og blei føreslegen av tre lokallag. Men eg har kome til at eg ikkje vil stille.

– Bør vere lov

Han meiner det er bra for eit parti at det er ope og demokratisk og at det må vere lov å komme med forslag på tilsette.

– Det nå vere opp til medlemmene å avgjere kven dei meiner egnar seg best. Eg må seie eg reagerer litt på den avgrensinga Eva Marie Halvorsen legg opp til, seier han.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast