Hopp til innhold

Fekk skarp kritikk frå generalsekretæren

Konflikten mellom høgrepolitikarane Jacob Nødseth og Embla Belsvik vart løfta heilt opp på toppnivå.

Jacob Nødseth

KRITIKK: Høgre-politikar Jacob Nødseth fekk kritikk frå høgste hald etter konflikten med partifelle Embla Belsvik i Flora Høgre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nødseth har fått kraftig kritikk frå lokalpartiet fordi han skal ha send sjikanerande tekstmeldingar til partifellen Embla Belsvik.

Under eit møte i Oslo gav partiet sin generalsekretær Lars Arne Ryssdal klart uttrykk for at han mislikar måten Jacob Nødseth behandla den kvinnelege partikollegaen i Flora.

– Vi er opptekne av at vi oppfører oss ordentleg folk i mellom i partiet, og det var vi opptekne av i denne saka også, seier Ryssdal.

– Ikkje lenger på talefot

Det storma sterkt kring den profilerte Høgre-politikaren Nødseth tidlegare i år i samband med ein open konflikt med Belsvik.

Embla Belsvik

PART: Embla Belsvik.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nødseth skal mellom anna truga med å øydeleggje den politiske karrieren til Belsvik og sendt tekstmelding som ho har oppfatta som sjikanerande. Saka vart teken opp i Flora Høgre, og Nødseth fekk kraftig kritikk.

– Vi snakkar om to unge menneske som gjennom dialog munnleg og skriftleg har komme i ein situasjon der dei ikkje lenger er på talefot, orienterte leiar i Flora Høgre, Vidar Grønnevik, til NRK.no.

Partileiaren orientert

No kjem det fram at saka også har vore heilt til topps i partiet.

I tillegg til generalsekretæren, skal partileiar Erna Solberg vere orientert om kva som skal ha skjedd.

Lars Arne Ryssdal

MISNØGD: Lars Arne Ryssdal.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Generalsekretær Ryssdal tok konflikten direkte opp med Nødseth under eit møte i Oslo.

– Jakob Nødseth fekk beskjed om kven som burde tenkje på at den var den sterke part i dette. Vi var opptekne av å sjå til at Embla Belsvik, som var den andre i denne saka, ikkje utilbørleg vart pressa i saka.

– Manglar litt på dømmekrafta

Jakob Nødseth ynskjer ikkje å kommentere saka. Det gjer derimot fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen.

Arve Mjømen

SAMD: Arve Mjømen.

Foto: Høgre

Han stiller seg fullt og heilt bak generalsekretæren sin kritikk av Nødseth.

– Det politiske talentet til Jakob Nødseth er uomstridd, men det manglar litt på dømmekrafta slik eg ser det. Det er også slik at lokallaga i Sogn og Fjordane har reagert kraftig på den uroa som stadig dukkar opp kring Jakob, seier Mjømen.