Hopp til innhold

Mykje vind og snø på fjellovergangane

Uvèr og snø har ført til stenging og kolonnekøyring på fleire fjellovergangar i morgontimane. Mykje vind og nedbør kan gi fleire stengde fjellovergangar på kort varsel.

Leiro bom

Sånn såg det ut ved Leiro bom på Hardangervidda like før klokka 08.00, torsdag morgon.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

SISTE klokka 19.39 torsdag: E16 i Vinjadalen sør for fylkesgrensa er opna att etter at fleire vogntog og kaos har stengd vegen i fleire timar.

Det har vore dårleg ver og føreforhold i området.

Vegfarande har stått i kø, enkelte av dei har venta i fleire timar. Det er manuell dirigering på staden.

Klokka 14.40 torsdag: Rv 52 Hemsedalsfjellet er opna igjen, etter bilberginga som stengde vegen ein times tid. Det er kolonnekøyring på Vikafjellet, Haukelifjell, Rv 7 Hardangervidda og på Fv 50 Hol–Aurland.

– Det er meldt vind og kraftig snø over fjellet. Det kan føre til kolonnekøyring og fleire stengde vegar. Det er litt tidleg å seie kvar det gjeld endå. Vi ventar på rapportar frå brøytarane, seier Hanne Nordheim ved vegtrafikksentralen i Bergen.

Sjå full status for fjellovergangane, lengre nede i artikkelen.

– For dei som må over fjellet er det best å køyre torsdag morgon, men etter klokka 12 skal det blåse opp att og då er det meir usikkert igjen, seier trafikkoperatør på vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberget Hille.

Han oppmodar dei som skal over fjellet til å førebu seg på venting og ta med mat, drikke og varme klede på turen.

Dette er status for fjellovergangane i Sør-Norge

  • Ev 16 Filefjell–ope for fri ferdsel. Større køyretøy bør bruke kjetting.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet – open.
  • Fv 50 Hol–Aurland i Sogn og Fjordane – Kolonnekøyring.
  • Rv 7 Hardangervidda–kolonnekøyring.
  • Ev 134 Haukelifjell– kolonnekøyring grunna uver.
  • Fv 53 Tyin–Årdal i Sogn og Fjordane – ope for fri ferdsel.
  • Rv 13 Vikafjellet – kolonnekøyring
  • Rv 15 Strynefjellet – ope for fri ferdsel.
  • Ev 6 Dovrefjell – ope for fri ferdsel.
  • Fv 40 Dagalifjell – ope for fri ferdsel