Hopp til innhold

Mykje moreller trass dårleg sommarver

LÆRDAL (NRK): Medan bønder over heile Vestlandet river seg i håret over ein regnfull sommar, har fruktbøndene i Lærdal hatt ein god sesong.

Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar Lærdal Grønt

NØGD: Harald Blaaflat Mundal er nøgd med årets morellesesong.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi enda på om lag to hundre tonn med morellar. Det er litt mindre enn i fjor, men det er eit normalår for oss, seier Harald Blaafat Mundal ved Lærdal Grønt.

– Sesongen startar rundt juletider med skjering av trea. Så går det slag i slag fram til innhaustinga er over. Dei vekene vi er inne i no er dei desidert travlaste, seier Mundal.

Med 40 produsentar som leverer meir enn tjue millionar morellar, står Lærdal for halvparten av all morelleproduksjon i Norge.

– Vi brukar moderne teknologi for å sortere, og få eit best mogleg produkt ut på marknaden. Dei modne varene blir kortreist, og dei umodne blir litt meir langreist, seier Mundal.

Del av morellehagen til Lysne på Ljøsne i Lærdal

MORELLAR: I Lærdal er det mange morelleprodusentar

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Dukkar opp i heile Norge

Morellar er populært i heile landet. Sjølv om fruktbøndene sel mykje frukt i buer langs vegkanten, er det butikksalet som er det store.

– Eg får bilete av folk som ser at morellane våre dukkar opp så langt vekke som i Nord-Norge.

Og det er ikkje berre morellar dei dyrkar i Lærdal.

– Det har vore ein god sesong for poteter, kål, bringebær, blåbær og rips, fortel Mundal.

– Fint liv å vere fruktbonde

Kari Sigrun Lysne driv også med fleire ulike bærsortar i Lærdal, og i sommar har ho forsøkt seg på noko ekstra eksotisk.

– Vi har litt aprikos, og vi har faktisk hausta litt i dag som eg har selt i boda mi langs vegen.

Kari Sigrun Lysne

FINT LIV: Kari Sigrun Lysne tykkjer det er grådig kjekt å vere fruktbonde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Lysne driv på for fullt som fruktbonde, og tykkjer det er eit fint liv.

– Det er veldig kjekt å vere bonde. Det er mykje arbeid, men når ein likar arbeidet går jo det fint.