Hopp til innhold

Salmesongstrid enda med fylkesforsoning

FØRDE (NRK): Dei rauk i tottane på kvarandre om å kutte salmesong. No går Torbjørn Vereide (Ap) og Trude Brosvik (KrF) saman om å få kulturinnslag på fylkestinget.

Torbjørn Vereide i studio

VIL HA KULTUR: Torbjørn Vereide vil ikkje ha salmesong i fylkestinget, men han vil gjerne ha meir kultur.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg og Trude har ei prinsipiell ulik tilnærming til å ha religiøse salmar i fylkestinget. Men vi har også noko å vere einige om. Nemleg å få meir kultur inn i fylkestinget.

Det seier Torbjørn Vereide (Ap) som måndag ville avskaffe salmesong på fylkestinget. Det vart heftig tilbakevist av fylkesleiar Trude Brosvik i Kristeleg Folkeparti. No har dei to funne saman om eit slags kompromiss.

Trude Brosvik, fylkesleder i KrF, gestikulerer med hendene mens hun snakker

SONG UT: Trude Brosvik (KrF) protesterte mot salmekutt. Men vil gjerne ha faste kulturinnslag på fylkestinget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– No slår vi saman kreftene for at det skal bli eit fast kulturinnslag i opninga av fylkestinget, seier Vereide.

Salmesongen vart heftig debattert både blant vanlege folk og politikarar.

Vil vise fram talenta i fylket

Vereide gjekk hardt ut mot at ein syng fedrelandssalmen ved opninga av fylkestinget, No brukar han i staden kreftene sine på å oppmode fylkesordførarane om å ta grep for meir kultur.

– Mi oppmoding til Følling er at vi kan få dette på plass så fort som råd, og at vi byrjar å syne fram talenta som vi har i Sogn og Fjordane. Det kan vere deltakarar på UKM, eller lokale entusiastar.

Øyvind Lyslo med gitar

BRA INNSPEL: Fylkesmusikar Øyvind Lyslo tykkjer forslaget til Vereide er godt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kulturen har ein viktig plass

Fylkesmusikkleiar Øyvind Lyslo likar forslaget til Vereide og Brosvik.

– Eg tykkjer det er ein veldig god ide, for kulturen har ein viktig plass i alle samanhengar. Så kvifor ikkje på fylkestinget?

Lyslo kunne gjerne tenkt seg at eit kulturinnslag var eit fast punkt på sakslista til fylkestinget.

– Det er mange flinke folk her i fylket, og mange kunne sikkert tenkt seg å vise seg fram for fylkespolitikarane. Dei tek jo veldig viktige avgjerder, så då kan det vere bra å syne dei kva som bur i dette fylket, seier Lyslo.

Sjølv om Vereide no kjempar for meir kultur, har han ikkje lagt heilt frå seg kampen mot salmesong.

– Eg har framleis ein plan om å få vekk salmesongen, og kanskje få inn "Ja, vi elsker" eller "Å, vestland, vestland".