Hopp til innhold

Møtte naken mann på vegen

Politiet fekk eit noko uventa syn på Riksveg 5 i Sogndal i natt.

En uniformert politibil.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det var rundt klokka 3 i natt at politiet møtte ein naken mann på Riksveg 5 i Sogndal. Mannen forklarte til politiet at det heile dreia seg om eit veddemål. Kva mannen som gjekk i adams drakt hadde vedda om veit vi derimot ikkje.

– Mannen fekk ei munnleg åtvaring og vart dimittert på staden, seier operasjonsleiar i politiet Espen Gulliksen.

Rusa russ

Litt tidlegare på natta vart overstadig rusa russ køyrde heim i Sogndal.

I Førde vart ein rusa mindreårig gut køyrt frå festplassen og heim til sin bustad. Litt seinare på natta braka to menn saman utanfor ein utestad i sentrum. Begge dei to mennene fekk slag mot nasen.

I Florø sentrum kom også ei politipatrulje over rusa russ. Desse vart tekne hand om av helsepersonell.

Operasjonsleiar i politiet, Espen Gulliksen, samanfattar natta slik:

– For å vere natt til søndag vil eg seie at det har vore ei forholdsvis roleg natt.