NRK Meny
Normal

Møtte Fjord1-toppar rett før fusjonssamtalar

Fylkesordføraren møtte Fjord1-leiinga til ein til no ukjent middag i Oslo, rett før fusjonssamtalane med Norled var i full gang. – Utruleg rart at ho ikkje fekk informasjon, meiner Frp-politikar Frank Willy Djuvik.

Fjord1 og Åshild Kjelsnes

BRÅK: Kjelsnes må truleg møte til høyring for handteringa av Fjord1-fusjonen.

Foto: /Guro Kvalnes / montasje

Heilt sidan Fylkesutvalet 26. mars i år totalt vart tekne på senga då planane om fusjon mellom Fjord1 og Norled var offentleggjort, har fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) sagt at ho visste like lite som resten av utvalet. Kjelsnes har heile tida hevda at ho har halde informasjonsplikta si.

Fjord1 skreiv intensjonsavtale om fusjon med Norled, utan at fylkesutvalet - og dermed største eigaren - visste om det. Fylkesutvalet har siste tida brukt 2,6 millionar kroner på konsulentar fordi dei heller vurderer eit sal av selskapet. Politikarane har vore kritiske til den manglande informasjonen, og kontrollutvalet har varsla ei høyring i saka.

Nekta fyrst – vedgår no

NRK kan no avsløre at alt 4. mars i år møtte Kjelsnes styreleiaren i Fjord1, Reidar Sandal, og konsernsjef Dagfinn Neteland til ein middag på kveldstid på Grand Cafè i Oslo. Det var berre desse tre personane til stades under middagen, som skjedde under oppstarten av fusjonssamtalane med Norled, og rett etter at styret i Fjord1 hadde blitt informert om dei komande samtalane.

Grand Café

GRAND CAFÉ: Kjelsnes avkrefta fyrst til NRK at ho middagen hadde funne stad, men har seinare ombestemt seg.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Fyrste gongen ho vart spurd, nekta Åshild Kjelsnes overfor NRK for at middagen hadde funne stad. Men etter at NRK gjekk tilbake til ho med nye opplysningar ombestemte Kjelsnes seg.

– Det var sagt under middagen at styret og leiinga jobba aktivt med styrking av selskapet. Eg sa til dei at det må dei kome tilbake på når det er konkrete ting å fortelje.

Kjelsnes seier ho ikkje spurte etter meir informasjon.

– Eg sa at eg har forventningar til at dei jobbar aktivt med å styrke selskapet, og at så lenge dei jobbar til selskapet sitt beste så har dei mi støtte i det. Det var eg som meinte at det ikkje var behov for å gå meir detaljar om kva dette kunne dreie seg om no.

Men det å «jobbe aktivt med styrking av selskapet»; kva ord brukte dei eigentleg?

– Altså, her sa dei at dei jobba med å styrke selskapet, interessante prospekt, og som eg sa til dei; det kjem de tilbake med når det er noko handfast.

Då NRK spurte deg i førre veke nekta du for at det hadde vore ein middag, korleis det?

– Ærleg talt, dette var ein uformell middag, vi bestemte oss for å ete middag saman, og det var ikkje eit formelt møte. Då har eg ikkje lagt nokon tyngre vekt på det.

– Opplagt kritikkverdig

Middagen i Oslo er heller ikkje ført opp i Kjelsnes sin offisielle møtekalender.

Gruppeleiar på fylkestinget for Frp, Frank Willy Djuvik, reagerer med vantru på Kjelsnes sin handlemåte.

Frank Willy Djuvik på talarstolen

KRITISK: Frank Willy Djuvik meiner det er merkeleg at fylkesordføraren ikkje ville vite om detaljar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er opplagt at her er det informasjon om hendingar og selskapet som nokon har hatt, og som dei ikkje har formidla vidare. Eg er kritisk til at vi ikkje har blitt informert.

Kjelsnes ville ikkje høyre noko meir detaljar, seier ho?

– Eg synest det er rart, ein fylkesordførar burde jo etterspørje mest mogleg informasjon om selskapet for å kunne formidle vidare til fylkesutvalet. Det at ein ikkje har etterspurt informasjon, og det at styreleiar og direktør ikkje har gitt frå seg er klart kritikkverdig uansett.

Visste kva som var i gjære men sa ingenting

Styreleiar Reidar Sandal og konsernsjef Dagfinn Neteland var 4. mars vel vitande om at det skulle startast fusjonssamtalar med Norled.

I eit notat til kontrollutvalet skriv Sandal at nettopp i månadsskiftet februar/mars kontakta dei to dei andre i styret for å orientere om komande samtalar.

Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes på Sunnfjord hotell

VILLE IKKJE VITE: Reidar Sandal visste om at det skulle startast samtalte med Norled, men Kjelsnes ville ikkje vite noko under middagen i Oslo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dette gjorde dei ifylgje notatet for å sikre seg ryggdekning.

Sandal skriv òg i notatet at samtalane med Norled starta i byrjinga av mars. Men trass i at dei visste kva som var i gjære under middagen, seier Sandal at ingenting vart sagt til Kjelsnes, på spørsmål om dei alt då orienterte om initiativet mot Norled.

– NRK må skilje mellom arbeidet i eit forretningsstyre i Fjord1, og ikkje blande saman styret sitt arbeid og ein middag som Kjelsnes, Neteland og eg hadde, seier Sandal.

– Nokon har noko å skjule

Kontrollutvalet til fylkeskommunen har alt varsla ei høyring om informasjonsflyten i Fjord1-saka. Frank Willy Djuvik meiner saka er blitt alvorleg.

– Det er heilt openbart at einkvan har noko å skjule her. Dette er ei veldig alvorleg sak. Fylkesordføraren ser bortimot ut til å handtere informasjon heilt på eiga hand, og gjer vurderingar utan å involvere fylkesutvalet eller fylkestinget. Det er mykje som tyder på at fylkesordføraren har gått langt ut over sine fullmakter, og at ho ikkje har gjort jobben sin inn mot resten av det politiske livet i fylkeskommunen.

– Kunne sikkert vore meir pågåande

Åshild Kjelsnes seier ho står fast ved at ho ikkje fekk informasjon under middagen om at eit arbeid med fusjon var på trappene, og at ho ikkje visste noko før den 24. mars.

– Eg ser det at eg sikkert kunne vore meir pågåande og etterspurt meir, men som sagt dette var ein heilt uformell og relativt kort middag, og då hadde ikkje eg nokon grunn syntest eg til å be om meir opplysningar. seier Kjelsnes.

– Diskuterte mykje forskjellig

Dagfinn Neteland

SNAKKA OM MASSE: Intensjonsavtale var ikkje tema, dette var før den løysinga var aktuell. Men vi har nok diskutert andre ting, seier konsernsjef Dagfinn Neteland.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

Konsernsjef i Fjord1 Dagfinn Neteland seier møte kom i stand i Oslo fordi dei tre uansett var der i kvart sitt ærend. Ingen av dei tre som var der vil gå i detaljar på kva som vart diskutert under middagen.

– Ei intensjonsavtale var ikkje tema. Intensjonsavtale var jo uansett noko som kom opp på eit seinare tidspunkt i prosessen, og som ikkje var aktuelt då. Dette var ein heilt uoffisiell middag der vi snakka om det meste.

Vart det på nokon måte orientert om eller peika fram mot det som skulle jobbast med?

– Det var ingenting konkret som sa at vi skulle gjere følgjande framover, men det er klart at vi diskuterte selskapet. Eg veit ikkje om eg hugsa ikkje ordrett, men vi snakka i alle fall om selskapet si utvikling. Vi snakka nok om masse, intensjonsavtale var ikkje tema, men vi har nok diskutert andre ting, seier Neteland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser