Direktoratet har ikkje tru på stogg i brislingfisket. - Vi må først undersøke konsekvensane for brislingfisket, og korleis fiskarane ser på dette. Men havforskarar gjorde det same forsøket i Masfjorden, og der var ikkje erfaringane udelt positive, seier regiondirektør Terje L. Magnussen.
Kunstige rev
I tillegg til å stengje deler av fjorden for brislingfiske ynskjer Høgskulen si akvakulturlinje i Sogndal å byggje kunstig rev og å setje ut fisk.
Tiltaka kan gje betre matfiske i fjorden, og føre til turistauke i området, meiner Høgskulen.
Allemannsrett
Men regiondirektøren har ikkje tru på at planane kan bli realiserte.
- Det var ingen som jubla då eg reiste dette spørsmålet høgt oppe i Fiskeridirektoratet. For dette går på allemannsretten, og per i dag er det berre opna for havbeite med botndyr som kamskjel og hummar, seier Magnussen.