Hopp til innhold

Møter motbør etter «solstikk»-karakteristikk

Fleire politikarar reagerer på fylkesordførar Åshild Kjelsnes sin «solstikk»-uttale i den såkalla i Fjord1-saka.

Åshild Kjelsnes på talarstolen

FÅR KRITIKK: Tidlegare i dag meinte Åshild Kjelsnes at medlemmane i kontrollutvalet måtte ha oppheldt seg for lenge i sola. No får ho kritikk for sleivsparket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ein av dei er Per Rune Vereide, fylkessekretær for Sp i Sogn og Fjordane, og medlem i kontrollutvalet.

– Eg synst det er ein uverdig av ein fylkesordførar å komme med ein slik karakteristikk av fylkestinget og fylkeskommunen sitt eige kontrollutval, seier han.

– Tek saka på høgste alvor

Bakgrunnen for bråket er eit notat som antydar at Kjelsnes visste om Fjord1 sine fusjonsplanar allereie i 2013, samstundes som fylkeskommunen la planar om å selje eigarposten i reiarlaget.

Per Rune Vereide

SOLSTIKK?: Per Rune Vereide (Sp) reagerer på fylkesordføraren sin karakteristikk av medlemmane i kontrollutvalet, i kjølvatnet av at dei varsla høyring i saka.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kontrollutvalet ønskjer å finne ut kvifor politikarane ikkje fekk vite om dette og har varsla høyring i saka. Det liker fylkesordføraren dårleg, som meiner ho har informert dei andre politikarane godt nok.

– Viss Kjelsnes har rett, er det ingenting som er betre enn det. Men det er det eg og resten av kontrollutvalet ønskjer å få klårleik i. For det er vanskeleg å konkludere ut ifrå notatet vi har fått framlagt, seier Vereide.

At Kjelsnes avfeiar kritikken med at medlemmane i kontrollutvalet må ha vore for lenge i sola, har han lite sansen for.

– Det er eit samrøystes utval som tek saka på høgste alvor, seier han.

– Bør vere meir audmjuk

Også Frank Willy Djuvik (Frp) reagerer på måten Kjelsnes opptrer på i kjølvatnet av den varsla høyringa.

Frank Willy Djuvik

ALVORLEG: Frank Willy Djuvik meiner kontrollutvalet gjer rett i å undersøke saka og meiner fylkesordførar Kjelsnes bør vere meir audmjuk.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Kanskje ho bør vere noko meir audmjuk. Viss fylkesordføraren har hatt denne informasjonen og ikkje formidla den vidare, så er det ganske alvorleg. Nettopp det vil komme fram i ei undersøking av kontrollutvalet, seier han.

Han sit som medlem i fylkesutvalet, og var ein av fleire som fekk sjokk då det tidlegare i år kom fram at Fjord1 hadde inngått ein intensjonsavtale med Norled om ei framtidig samanslåing.

– Som medlem i fylkesutvalet har eg på ingen måte opplevd at vi har blitt informert på ein tilfredsstillande måte. Så eg tykkjer det er fornuftig av kontrollutvalet å ta opp denne saka, seier han.