NRK Meny
Normal

Både Førde-trenaren og keeperen møter gamlelaget til dyst

Både Førde-trenar Øyvind Indrebø og Førde-keeper, Camilla Ulvik Stenseth (28) har vore i Jotun før. Det set ein ekstra spiss på toppkampen som skal spelast mellom Førde og Jotun i ettermiddag.

Øyvind Indrebø

TENKJER LANGSIKTIG: Førde-trenar Øyvind Indrebø meiner handballaget til Førde er på rett veg.

Foto: Alf Vidar Snæland

Eitt av laga kjem til å vinne 2. divisjon, og spenninga er stor framfor dagens kamp. Førde ligg øvst i 2. divisjon, og Jotun ligg hakk i hel.

– Det er veldig spesielt å møte gamle klubbar, og spesielt Jotun som eg har spelt ein del sesongar i og har eit godt forhold til, seier Stenseth.

Ho spelte for Jotun frå ho var 15 til ho var 17 år, og var med då dei rykte opp i 1. divisjon. Så hadde ho eit lengre opphald frå handballen, medan ho satsa på fotball, før ho tok til som keeper på damelaget til Førde.

– Dei er eit godt lag og eg veit kva dei står for. Det blir spesielt, men det er kjekt å møte god motstand. Då er det kjekt å spele kamp, seier Stenseth.

Blir gjerne med i 1. divisjon

Ho ser fram til kampen søndag, men er klar på at det vert spennande.

– Vi gler oss. Det blir ein spennande kamp. Det er to lag som er klare til å gje alt. Vi har førebudd oss godt, seier Stenseth.

Ho vil ikkje ta nokon siger på førehand.

– Vi har trent godt og tenkt på kva vi skal gjere for å vinne. Vi jobbar godt i lag og tek ein kamp om gongen, seier Stenseth.

1. divisjonsspel kunne ho godt tenkje seg å vere med på.

– Eg var jo med då Jotun rykte opp, men så kasta eg inn handkledet. Så viss eg klarar det no med Førde, skal eg tenkje meg godt om. Det fristar veldig å vere med vidare, seier Stenseth.

Er ei fjør i hatten

Jotun-trenar Olafur Sveinsson gler seg til kampen.

– Det blir kjempebra. Det blir nok litt kribling i magen rett før kamp, seier Sveinsson.

Førde-trenar Øyvind Indrebø legg ikkje skjul på at førdianarane gjerne vil dra sigeren i land.

– Vi har like lyst til å vinne den kampen som dei 21 andre kampane i år, og vi har sjølvsagt lyst på siger i divisjonen, seier Indrebø.

Målsetjinga til Førde før sesongen var å vere med å kjempe i toppen.

– Vi er der, og vi gler oss stort til kampen på søndag. Eg tykkjer det er kjekt at det er to lag frå Sogn og Fjordane som er med og kjempar om seriemeisterskapen. Det er ei fjør i hatten for oss i Sogn og Fjordane, seier Indrebø.

Men Indrebø har også ei fortid som Jotun-trenar, og han innrømmer at det er spesielt å møte att gamle-laget slik.

– Det er ikkje vanskeleg, men det blir spennande. To poeng er to poeng, uavhengig av kven vi møter. I tillegg er eg oppteken av at vi ser kampen på søndag i eit større perspektiv, seier Indrebø.

Jotun vann sist laga møttest

Han peikar på at handballjentene til Førde er på ei fantastisk reise.

– Uavhengig av kampen, som eg sjølvsagt håpar går i vår favør, er vi i ei kjempeutvikling. Vi har godt samarbeid med Dale, vi har aldri hatt så mange jenter som spelar handball i Førde, og vi satsar på spelar- og trenarutvikling, så vegen vidare går veldig godt for oss, uavhengig av kampen søndag, seier Indrebø.

Sist laga møttest, vann Jotun med eit par mål, men Jotun har ikkje senka skuldrer av den grunn.

Jotun-trenar Olafur Sveinsson

FOKUSERT: Sist Jotun møtte Førde gjekk dei av med sigeren. Men Jotun-trenar Olafur Sveinsson tek ingenting for gitt før dagens kamp er spelt.

Foto: Siren B. Svortevik

– Den kampen er ferdig, og blir ikkje spelt igjen. Dette blir ein ny kamp med nye duellar og nytt oppgjer. No må vi berre sjå framover, og så vert det sikkert ein kjekk kamp for alle partar, seier Sveinsson.

Rosar arbeidet Jotun har lagt ned

Han understrekar at laget går på bana for å vinne kampen, og at dei kjem til å kjempe til siste ball.

– Vi knivar om førsteplassen, og det syner at vi har gjort eit godt arbeid, seier Sveinsson.

Indrebø meiner grunnen til at Førde og Jotun no hevdar seg i toppen, er langsiktig og grundig arbeid over lang tid.

– I Årdal har det over lang tid vore god treningskultur og vinnarkultur, og den kulturen er vi i ferd med å byggje opp i Førde. Det handlar i mange samanhengar om å trene litt meir og gjere ting litt betre enn dei vi konkurrere mot, seier Indrebø.