NRK Meny
Normal

Nødseth sørga for smerteleg budsjettnederlag for ordføraren

Ordføraren og fleirtalet i formannskapet gjekk på eit pinleg nederlag då dei skulle banke gjennom eige budsjettforslag. Den som smilte breiast etter møtet var definitivt Jacob Nødseth, som sa eit tydeleg takk for sist til gamle partifellar.

Jacob Nødseth

VIPPA: Jacob Nødseth var tunga på vektskåla under møtet i formannskapet i Flora. Dermed fekk mindretalet banka gjennom sitt forslag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Doble møteavtalar gjorde at KrF sin representant ikkje møtte til formannskapet sitt møte tysdag. Då vart plutseleg posisjonen i mindretal, og opposisjonen i fleirtal. Eit ideelt utgangspunkt for den mykje omtala og omstridde Jacob Nødseth.

– Det var ei rar oppleving. Høgre sitt forslag hadde fem stemmer og Arbeidarpartiet sitt hadde fem, og eg trivst særs godt på vippen, seier uavhengig representant i Flora. Jacob Nødseth, som vippa avgjerda i det opphavlege mindretalet sin favør.

Då formannskapet skulle ta stilling til kommunen sitt budsjett var det opphavlege fleirtalet med Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet ein representant i manko. Krf-politikaren hadde ikkje meldt frå om fråfall, og mindretalet med Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet i spissen, ville få saka på bordet. Vararepresentanten vart henta inn, og han kom frå Senterpartiet.

– Det var ein heilt spesiell situasjon, men det var respektlaust og uryddig å la oss sitje å vente i tre kvarter på å få saka opp, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet i kommunen, Bente Frøyen Steindal.

Motstandar av eigedomsskatt gjekk med på auke

Med omrokeringar i mannskapet vart det hennar og opposisjonen sitt forslag som fekk fleirtal, med hjelpande hand av tidlegare Høgremann, Jacob Nødseth.

– Arbeidarpartiet sitt forslag var ikkje like godt som mitt forslag, men eg fekk gjennomslag for 40 konkrete saker over bordet i møte med dei, fortel den no parti uavhengige representanten til NRK.

Bengt Solheim Olsen

ORDKNAPP: Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen ville ikkje kommentere stemninga i møtesalen etter at opposisjonen sitt budsjettforslag var eit faktum.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Nødset meiner han aldri før har hatt så god politisk utteljing som etter at han vart kasta ut av Høgre og vart sitjande som uavhengig representant. Men livet åleine betyr også at han må svelgje kamelar. I Arbeidarpartiet sitt forslag ligg det mellom anna inne forslag om å auke eigedomsskatten.

– Eg har eit effektiviseringstiltak som gjer at ein kan klare seg utan eigedomsskatten. Vi har allereie høg eigedomsskatt her, seier Nødseth, som tydeleg signaliserer at han ikkje er heilt nøgd med forslaget han sa ja til.

– Høg politisk temperatur til tider

Minst nøgd er nok likevel Høgreordførar Bengt Solheim-Olsen etter dagens seanse.

– Vi fekk ikkje fleirtal for det vi hadde tenkt. Vi hadde laga klart eit budsjett som vi forventa å få fleirtal for, seier ein nokså ordknapp ordførar.

På spørsmål om korleis stemninga var etter nederlaget, avstår han frå å kommentere.

– Det er høg politisk temperatur i kommunen til tider, seier Solheim-Olsen.

Men alt håp er likevel ikkje ute for Høgrefleirtalet, for saka skal til slutt drøftast i bystyret. Der har dei borgarlege partia fleirtal, men også der er marginane små. I ein epost til gruppeleiarane i bystyret skriv Nødseth tysdag kveld at «det skal lite til for at bystyret i desember (...) ender i kaos. Det må vi klare å unngå til kommunen sitt beste».

- Eg tek utfallet i formannskapet med knusande ro. Vårt budsjett var klart dagen før, og det representerer fleirtalet. Vi hamna i ein uheldig situasjon på grunn av sein endring i tidspunkt for møtestart, og det fekk praktiske konsekvensar, seier gruppeleiar i Høgre, Hanne Husabø Kristensen.

Mykje tyder også på at Nødseth er villig til å skrote budsjettforslaget som han i dag gjekk inn for.

– Eg håpar Høgre går inn og gjer endringar i sitt forslag, men slik det var i dag var det uaktuelt å støtte det. Rådmannen sa på møtet i dag at forslaget frå Høgre, Venstre og KrF ikkje er realistisk, og at ein då vil styre mot budsjettunderskot i 2015. Vi må lytte til desse innspela, seier Nødseth, som utan tvil gler seg over å spele ei nøkkelrolle i Florapolitikken.

Vegopning på Bergum i Førde kommune