Det seier ordførar Knut O. Aarethun. Han fryktar at Hydro vil selje krafta og putte pengane i eiga lomme.
Argumenta endra
Men Lærdal kommune vil ikkje la seg lure til å skaffe Hydro meir kraft, dersom storkonsernet ikkje vil modernisere smelteverket i Øvre Årdal. Då Statnett i 1996 første gong vurderte å gje konsesjon til bygging av kraftlinja, var argumentet nemleg at dette skulle sikre Hydro kraft til utviding av fabrikken i Øvre Årdal.
I dag er tonen frå Hydro ein heilt annan, og dermed fryktar ordføraren i Lærdal at Hydro skal selje krafta utan å gi lokalsamfunnet noko tilbake. Det var ikkje dette som var meininga med å seie ja til linja, seier han.
Ikkje klare svar
Lærdal kommune har saman med Årdal prøvd å få svar på kva straumen frå ei ny linje mellom Borgund og Årdal skal brukast til. Ei kraftlinje som går gjennom store område med urørt natur. Men verken Hydro eller Statnett har kome med klare svar.