NRK Meny
Normal

Mor og son såg lynet slå ned utanfor stoveglaset: – Det var eit sjokk

FØRDE (NRK): – Det kan eigentleg berre skildrast som eit sjokk, fortel Sissel Karin Hals. Ho trudde huset ramla saman då eit kraftig lynnedslag ramma bustadområdet Vieåsen i Førde måndag kveld.

Lynnedslag i Førde

STERKE KREFTER: Det oppflerra furutreet fortel sitt klare språk om kva som skjedde måndag kveld. Nabo Sissel Karin Hals (innfelt) trudde huset rasa saman.

Foto: Stine K. Johsansen/Stein Aase / NRK

– Det var eit enormt lysglimt og det small og braka. Eg må innrømme at eg trudde huset rasa saman, fortel Hals.

Klokka hadde så vidt passert 21.30 då ragnarok braut laus like utanfor stoveglaset til familien sitt rekkehus i Ytreåstunet i Førde.

LES OGSÅ: Fleire hus i Førde skadde av lynnedslag

13 bustader fekk store skadar på det elektriske anlegget, og er førebels fråkopla straumnettet etter at lynet slo ned. To av bustadene fekk så store skader at bebuarane måtte finne anna innkvartering for natta.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jonas og Sissel Karin Hals

SKREMDE: Jonas og Sissel Karin Hals fekk seg ein god støkk då lynet slo ned måndag kveld.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Bilete og spegel ramla ned frå veggene

Inne hos familien Hals ramla bilete ned frå veggane, og truleg har inngangsdøra fått skadar. Dei er likevel blant dei heldigare.

– Vi skal ta ein gjennomgang no. Førebels er det knuste bilete og spegel som har falle ned. Vi går her og trakkar i glasbrot. Heldigvis ikkje personskade, sett bort frå eit kutt i foten, seier Hals.

Heftig torever i Førde. Foto: Harald Mikal Halvorsen

SJÅ VIDEO: Harald Halvorsen filma det kraftige lynnedslaget i Førde med videokamera.

Fanga lynet på video

Ikkje langt frå familien Hals, i Innlegda, hadde Harald Halvorsen utstyrt seg med videokamera for å fange torevêret.

– Eg hadde videokamera ståande i verandadøra. Håpet var å fange lynet på film, men eg hadde vel gitt opp og var i ferd med å skulle ta ned kamera då det small, fortel Halvorsen til NRK.no.

Og small gjorde det.

– Eg ramla nærmast på alle fire. Det var kraftig. Eg har aldri opplevd maken.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lynnedslag i Førde

KRATER: Slik ser det ut i området der lynet slo ned måndag kveld.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Skremmande og overraskande

Lenger oppe i gata bur familien Hals like ved furutreet der lynet slo ned. Frå stovevindauget kan ein sjå kreftene som har vore i sving.

– Det var litt skremmande. Det kom veldig overraskande. Treet såg ut som om nokon hadde kutta av ein del, og det var jord overalt som hadde blitt kasta rundt, fortel son i huset, Jonas Hals.

Like ved såg han flammar som følgde elektriske kablar i bakken.

– Det lyste opp akkurat i det lynet slo ned.

Slapp unna dei verste skadane

Sissel Karin Hals med bilete som fall ned

FALL NED: Sissel Karin Hals med eit av mange bilete som fall ned frå veggene i heimen som følgje av lynnedslaget.

Foto: Sissel Karin Hals / NRK

Skremt vart også familiens to kattar.

– Eg måtte leite etter kattane. Det var skummelt for dei og.

– Kva tenkjer du om slike enorme krefter?

– Det er enormt skremmande kva krefter som er i lyn og torden. Men så vidt vi kan sjå er ingen elektronikk øydelagt, seier Sissel Karin Hals.

Ifølgje Sunnfjord Energi var fleire tusen abonnentar utan straum etter lynnedslaget. Familien Hals var heldig og fekk lys att i lampene to timar etter lynnedslaget.


Fleire hus i Førde har fått skadar etter kraftig torevêr måndag kveld... 
Midt i eit bustadfelt slo lynet ned i eit furutre og mørkla heile området.
I dagslys i dag kunne ein tydeleg sjå skadane etter uvêret.

VIDEO: Midt i eit bustadfelt slo lynet ned i eit furutre og mørkla heile området. I dagslys i dag kunne ein tydeleg sjå skadane etter uvêret. Foto/reporter: Heidi Lise Bakke/Stine Kyrkjebø Johansen, NRK.