Hopp til innhold

Moods of Norway med lågare overskot

I 2013 var overskotet til Moods of Norway berre ein femtedel av kva det var i 2011. Grunnen er store investeringar, seier den påtroppande styreleiaren.

Moods 2013

JUBEL: Dei har hatt mykje å juble for dei siste åra, Moods-gutane Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Børresen. Men rekneskapen for 2013 syner at overskotet er ein femtedel av 2011.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Drifta i rekordåra var prega av armar, bein og dugnadsand. Dersom ein nøkkelperson hadde fått ein stein i hovudet, ville mykje klappa saman, seier Nils Are Karstad Lysø til Bergens Tidende.

Han har vore dagleg leiar i Moods of Norway sidan 2009, fire år prega av stor vekst. I 2011 tok eigaren ut eit utbyte på om lag 50 millionar kroner.

– Då eg byrja i 2009 hadde den eine av dei tre gründerane heile butikken i baklomma. Vi kunne ikkje halde fram på den måten, seier Lysø til avisa.

Store investeringar dei siste åra

Medan meir enn kva tredje krone av omsetnaden gjekk til overskot for eigarane i 2010 og 2011, vart overskotet på beskjedne 19 millionar i 2013.

Men til trass for at overskotet har gått ned, har omsetnaden auka jamt og trutt, også i 2013 då omsetnaden var på 344 millionar kroner.

Nils Are Karstad Lysø

INVESTERINGAR: Store investeringar er forklaringa på lågare overskot, seier påtroppande styreleiar Nils Are Karstad Lysø.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dei har ifølgje Karstad Lysø tent mindre pengar, fordi dei har gjort ting annleis enn i rekordåra «prega av armar, bein og dugnadsand».

Lysø, som no skal overta som styreleiar i Moods of Norway, seier til BT at forklaringa på mindre pengar til eigarane er mange nye investeringar i IT-system, kvalitetskontroll, at dei har styrka organisasjonen i fleire land og det nye stor-lageret i Stryn.

Ikkje utbytte i år

Ifølgje Virke var Moods of Norway kleskjeda med nest høgast salsvekst i fjor, til trass for at salet av klede gjekk ned i Norge, skriv avisa.

Lysø forklarar at den samla veksten vart lågare enn venta i fjor, på grunn av at dei har bygd organisasjon og system, og slik fått kostnadar som trekkjer lønnsemda ned.

– Det blir dermed ikkje noko utbytte i år, seier Lysø til BT.

I dei fire heile åra Lysø har vore dagleg leiar i Moods, har vore ei suksesshistorie. Det samla overskotet før skatt har til saman vore 258 millionar, med ein omsetnad på 1245 millionar.

Selskapet har i dag 430 tilsette og 24 eigne butikkar.