Hopp til innhold

Moods of Norway-frimerke gjer stor suksess i både inn- og utland

Moods of Norway har lukkast med det meste. Når dei no har funne vegen til norske frimerke har også det blitt ein suksess. – Dette har vore ei artig oppleving, seier postkontorsjef.

Moods of Norway på frimerke

ALLE VIL HA: Moods of Norway på frimerke har blitt ein hit både blant dei som samlar på frimerke og folk flest. - Det er mange som synest det er tøft og kult, seier Berget Nilsen. Her ser du frå venstre: Peter Børresen, Jan Egil Flo, Simen Staalnacke og Stefan Dahlkvist.

Foto: Posten

Den 2. januar kom det ut fleire nye frimerke i Norge, nokre under temaet norsk mote. Kva er då meir naturleg enn frimerke med Moods of Norway? Slik tenkte iallfall dagleg leiar Kristin Berget Nilsen ved Majorstuen postkontor i Oslo.

Gründerane frå Stryn er stadig innom postkontoret og postkontorsjefen meiner det dei står for fortener merksemd. Og frimerka med den velkjende traktoren og fire smørblide motegründerar i ei rosa seng – dei sel veldig bra.

– Dei har vore populære, langt meir populære enn dei siste merka vi har laga av personlege merke, seier Berget Nilsen til NRK.no.

- Mange synest det er tøft og kult at det dukkar opp slike ting på frimerka, og ikkje berre ting som folk ikkje veit kva er, seier ho.

– Dei tente på det

Moods og Norway-merket blir stadig meir populært. Både her til lands og i utlandet. På fem år har omsetnaden blitt meir enn elleve gonger så stor og i 2011 selde klesmerket frå Stryn for nesten 300 millionar kroner.

Ei som har lagt merke til dei blide karane i klesmerket er Kristin Berget Nilsen som er dagleg leiar ved postkontoret på Majorstuen i Oslo. Då ho fekk vite at Posten skulle gje ut frimerke med tema Norsk Mote fekk ho ein ide.

– Eg sa at det hadde vore kjempeartig om vi kunne gje ut personlege merke med Moods of Norway. Dei tente på det og synest det var morosamt, seier Berget Nilsen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Moods of Norway på frimerke

SUKSESS: Karane bak Moods of Norway har gjort suksess med mykje dei siste åra. Her er dei i luftig svev over den karakteristiske rosa traktoren som er mykje brukt i reklame for klesmerket frå Stryn.

Foto: Posten

– Utruleg moro

Og dermed vart tre frimerke med Moods of Norway sendt i trykken. Eit med den karakteristiske rosa traktoren, eit med den rosa traktoren og tre av karane bak i luftige svev og eit av fire smørblide klesgründerar i senga til Anna Nicole Smith.

– Det er sjølvsagt utruleg moro å kome på sitt eige frimerke, seier karane i Moods of Norway til avisa Fjordingen.

Simen Staalnacke, Peter Børresen, Jan Egil Flo og Stefan Dahlkvist hadde aldri sett føre seg at dette biletet nokon gong skulle bli eit frimerke. Biletet som er teke i senga som hørte til fotomodellen Anna Nicole Smith vart teken ein god dei alle fire var i USA.

Samlarar kjem frå heile landet

Kristin Berget Nilsen syner fram Moods of Norway-frimerke

MORO: Kristin Berget Nilsen er storfornøgd med at Moods of Norway har funne vegen til norske frimerke.

Ved Majorstuen postkontor i Oslo har Moods of Norway bokstavleg talt fått prege kontoret den siste tida. Det er berre ved dette postkontoret ein kan få kjøpe dei spesielle frimerka.

– Vi har fått låne diverse ting, både jakker, t-skjorter og belte for å nemne noko, seier Kristin Berget Nilsen.

Og folk vil ha slike frimerke. Både frå inn- og utland har interessa vore stor.

– Vi har faste filatelistar som samlar på personlege frimerke, og dei har kome frå fleire stader i landet for å sikre seg dei.

– Vi får ein del brev som vi frankerer og sender tilbake, og det er ein del kundar som kjem innom som synest dette er veldig morosamt.

Stor interesse frå utlandet

Frimerka med Moods of Norway er trykt opp i nokre hundre eksemplar og finst med både innanlandsporto og utanlandsporto. Akkurat kor mange det er att kan ikkje Bergen Nilsen svare på, men salet går unna.

– Det kjem stadig vekk brev frå oss frå utlandet, der vi blir skal stemple, frankere og sende frimerke tilbake, seier Berget Nilsen.

– Er det uvanleg stor interesse frå utlandet?

– Vi har ikkje hatt så mange førespurnader frå utlandet tidlegare.

Ho seier prosessen frå ho fekk ideen fram til frimerka no er til sals har vore ei artig oppleving. Om Berget Nilsen hadde sansen for karane frå Stryn har ho det iallfall no.

– Når dei er innom her så er dei så blide og hyggelege. Produkta deira er kjempespennande, det er noko anna enn det som er A4, seier ho blid.