Hopp til innhold

Moods of Norway kuttar tilsette

Klesbedrifta Moods of Norway har tilbudt styrte sluttpakkar til fleire tilsette. Dei vil førebels ikkje gå ut med kor mange det er snakk om.

traktor

KUTTAR STILLINGAR: Moods of Norway har gitt styrte sluttpakkar til fleire tilsette.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Bedrifta stadfestar situasjonen ovanfor E24.

– Vi har inngått sluttpakkar med nokre av medarbeidarane fordi vi ønskjer å tilpasse vår kapasitet og har endra kompetansebehov, seier human Resources manager Christine Bækkelund til nettavisa.

Dei vil på noverande tidspunkt ikkje seie noko om kor mange som får sluttpakke, men seier at det har vore semje med dei tilsette i alle tilfella.

Sluttpakkane skal ikkje ha årsak i selskapet sin økonomiske situasjon, men at dei blant anna ønskjer å utvide det globale fokuset deira.

– Det er meir basert på at ein må bruke mindre på nokre ting for å få økonomi til å satse på andre, seier Bækkelund til E24.