Hopp til innhold

Møk frå kyr skal bli til mat for både menneske og dyr

STRYN (NRK): På garden til to unge bønder skal kumøk produsere miljøvenlege algar som skal bli til mat på bordet.

Alf Erik Gjørven (19) og Rolf Olav Gjørven (27)

I RØYR: Brørne Alf Erik Gjørven (t.v.) og Rolf Olav Gjørven (t.h.) held på røyr som kan skape gull på garden i Nordfjord.

Foto: KAIA JOHNSEN VIKI / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Bonde Rolf Olav Gjørven tek ein bit av eit grønt brød med algar i.

– Du merkar ein liten ettersmak, men det smakar meir godt enn ekkelt, seier han.

Saman med broren er han med på eit unikt forskingsprosjekt, der dei skal dyrke mikroalgar i glasrøyr ved hjelp av blant anna kumøk. Algane frå Folven gard i Stryn kan ende opp i øl, brød eller fiskefôr.

Den unge bonden ser eit stort potensial i å kombinere mjølkebruk med algeproduksjon.

– Algeproduksjonen gjer at vi utnyttar husdyrgjødsla betre. Vi vil også spare mykje pengar på å kunne produsere algar som blir til dyrefôr. Det gjer at vi brukar ressursane meir berekraftig, seier Gjørven.

– Nytt norsk oljeeventyr

Denne veka var fleire internasjonale forskarar samla på garden i Stryn. Då var mellom anna mat med algar på menyen.

– Nokre seier algar er det nye norske oljeeventyret. Det er kanskje å gå litt langt, men det kjem til å bli viktig, seier Stig Borgvang ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Kvart år importerer Noreg 360.000 tonn soya til mellom anna oppdrettsfôr og dyrefôr. Det kan algar gjere noko med, meiner Borgvang.

– Alger kan vere med på å erstatte import av soya. I verdssamanheng er det ganske unikt med algeproduksjon på ein gard.

Kyr og algar

På mjølkebruket i Stryn skal kyrne få selskap av algar som veks fram i glasrøyr. Dag Hjelle er ein av motorane bak algeprosjektet på garden.

– Vi såg på ressursane på garden. Her fann vi store mengder reint vatn og eigenprodusert elektrisk kraft, seier han.

Det som tidlegare var forsking er no sett ut i live på garden til to unge bønder i Nordfjord. Då blir kumøk sentralt.

– Det er same prinsipp som i alle år. Ein må gjødsle for å få plantar til å vekse. Algar er havet sitt gras, seier Hjelle.