Hopp til innhold

Mistenkt for promillekøyring

Mannen som køyrde utfor vegen på Klakegg i Jølster torsdag ettermiddag er mistenkt for promillekøyring.

Politiet fekk melding om uhellet rett før klokka 17 torsdag ettermiddag. Sjåføren vart henta med ambulanse og ligg no på Førde Sentralsjukehus. Han skal ikkje vere alvorleg skadd. 

Mannen køyrde i rekkverket, for så å hamne utfor vegen på andre sida, då han var på veg nordover frå Jølster.

Ingen andre køyrety var involverte i uhellet.