Hopp til innhold

Miste sonen etter kort sjukeleie

Like før Sogndal reiste til Gran Canaria i januar, døydde Barry Kader sin 18 månader gamle son.

Barry Kader

TØFT Å SPELE FOTBALL: Barry Kader har hatt ei tøff tid, etter at sonen på 18 månader døydde etter sjukdom i heimlandet Elfenbeinskysten. No er han på La Manga saman med resten av stallen til Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det skjedde veldig fort, og det var lite legane kunne gjere, seier Barry Kader til Sogn Avis.

Han er no på La Manga, der han saman med resten av Sogndal førebur seg på seriestarten i den norske eliteserien.

Får ikkje møte familien på lenge

Barry Kader

SOGNDAL-SPELAR: Barry Kader.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var rett før Sogndal sist var på treningsleir - i midten av januar - at tragedien råka Kader og familien hans i Elfenbeinskysten:

Den 18 månader gamle sonen hans døydde etter eit kort sjukeleie.

Kader reiste då heim i nokre veker i samband med dødsfallet, men no må han ifølgje Sogn Avis klare seg utan familien i ein lang periode. Korkje kona eller sonen på fem år har nemleg visum til å komme inn i Norge.

- Må gjere mitt beste for familien

Samstundes er heimlandet herja av sterke konfliktar. Elfenbeinskysten er på randen av borgarkrig etter presidentvalet i november.

- Eg snakka med kona mi seinast i går, og ho sa at det er slåsting i gatene kvar dag. Eg er veldig redd for kva som kan skje med familien min, og det gjer det vanskeleg å fokusere på fotballen, seier Kader til Sogn Avis.

LES OGSÅ:

- Samstundes er det kona og sonen min eg spelar for no, så eg må likevel prøve å gjere mitt beste, seier han til avisa.