NRK Meny
Normal

Fryktar konsekvensar etter omlegging av støtteordning

– Vi er heilt avhengige av SMIL-midlar for å kunne ta vare på det gamle tunet, seier Kåre Hauge. No er det berre bønder som driv jorda, som kan få tilskot.

Kåre Hauge

-Vi er heilt avhengige av SMIL-midlar, seier Kåre Hauge ved Karnilstunet på Sandane.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

No fryktar Hauge at dei må tenkje meir kommersielt. – Vi risikerer at det berre vert dei lønsame prosjekta som vert gjennomført, seier Hauge.

Den nye innsnevringa av regelverket råkar frivillige lag og foreiningar, som tidlegare hadde høve til å få støtte frå ordninga.

Skal vere meir målretta

Spesielle miljøtiltak i jordbruket er ei ordning som skal stimulere til å ta vare på verneverdige bygg og område i landbruket.

– Dette er ei endring som vart vedteke i jordbruksoppgjeret i fjor. Det skal føre til ei betre målretting av SMIL-midla. Slik at dei skal gå til aktive jordbruksføretak, seier seniorrådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Line Meinert Rød.

Det er ikkje alle samde i. For Senterpartiet er det ein viktig med levande bygder.

– Desse endringane vil gje uheldige konsekvensar over heile landet. Bruk som tidlegare hadde komme inn under denne ordninga vil no stå og forfalle, seier Geir Pollestad, landbrukspolitisk talsmann i Senterpartiet.

Produksjonskrav på gardane

Noregs Bondelag ved leiar Lars Petter Bartnes er nøgd med den nye forskrifta.

– Det er positivt at det stillast krav om at ein må produsere på garden. Det finst andre ordningar for dei som no fell utanfor, seier Bartnes.

Det er ikkje departementet sikker på.

– Det kan eg ikkje svare på, men det finst jo andre verkemiddel, seier Meinert Rød.

Nye opprustingar på Karnilstunet står no i fare.

– Vi har hatt eit framifrå samarbeid med dei som har forvalta midlane. Fyrst med fylket, og så med kommunen, seier Kåre Hauge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.