Hopp til innhold

Mista lappen etter berre fem meter

Bilturen på fem meter kosta sunnfjordingen lappen - på livstid. Med 2,5 i promille rygga han bilen på parkeringsplassen midt i Førde sentrum.

Det var ein laurdag ettermiddag i oktober i fjor at den eigentlege nokså udramatiske køyreturen fann stad.

46-åringen kom i sin eigen personbil til parkeringsplassen i Storehagen ved Handelshuset i Førde sentrum. Etter å ha parkert bilen gjekk sunnfjordingen til Vinmonopolet der han kjøpte ei flaske Cognac før han gjek tilbake til bilen. Både på veg frå polet, og etter å ha kome tilbake i bilen, tok han eit par slurkar frå flaska.

Ustø gange

Deretter sette han frå seg flaska i bilen, og gjekk inn på puben "Gjengangaren" som låg rett attmed. Her drakk han eit glas øl før han gjekk tilbake til bilen og eit par nye slurkar med cognac. Sunnfjordingen veksla deretter eit par gonger mellom å drikke øl på puben og cognac i bilen.

På ein av turane ut i bilen vart 46-åringen observert av eit ektepar. Dei reagerte på den ustøe gangen. Straks etterpå sette sunnfjordingen seg inn i bilen og rygga ut frå parkeringsplassen og bort til ein lastebil få meter unna. Eine vitnet reagerte då med å gå bort til 46-åringen og ba han køyre tilbake til parkeringsplassen og avslutte køyringa.

- Kom bort i lysbrytaren

Sjølv nektar sunnfjordingen for at han køyrde bilen. Ifølgje tingretten skal han ha forklart at han etter to-tre runder på puben gjekk tilbake til bilen for å hente meir pengar. Han sette seg då i førarsetet og fann fram pengane som låg i midtkonsollet framme. Her hevdar mannen at han kom bort i lysbrytaren slik at køyrelysa kom på, men utan at tenningsnøkkelen var i.

Ifølgje advokaten hans, Louis Anda, vil dommen verte anka.

Fråteken lappen på livstid

Blodprøva som var teken av mannen to timar etter køyreturen synte ein promille på 2,5. Den høg promillen, at køyringa skjedde på ein parkeringsplass på dagtid med mykje trafikk, og ikkje minst at 46-åringen tidlegare er dømd for promillekøyring, gjorde at Fjordane Tingrett denne gongen tok frå han retten til å køyre bil på livstid.

I tillegg må han sone 30 dagar i fengsel og betale ei bot på 25.000 kroner.