Arne Tallsete i Forbundet for leiing og teknikk i Årdal seier hans medlemmer avventar rettssaka i Porsgrunn med stor interesse. Får dei medhald, har det mykje å seie for oss i dei andre bedriftene som har gått på denne ordninga, meiner Tallsete.
Hydro har ikkje fulgt opp
Det var ei tid planar om at alle fagforeiningane i Hydro-systemet skulle samlast om ei felles sak mot Hydro - men desse planane vart lagde på is. Dei meinte førtidspensjonsavtalen ei rekke personar over 58 år i Hydro-systemet inngjekk for nokre år sidan i utgangspunktet var god - men at Hydro ikkje har følgt opp skikkeleg og underregulert. Det er i strid med det som arbeidarane meinar står i avtalen.
Gjeld ikkje mange i Årdal
Avtaleteksten vart endra alt andre året tilbodet om slik førtidspensjon var ute, og dermed er det berre åtte til ti pensjonistar i Årdal som er misnøgde med avtalen. I Porsgrunn snakkar vi om nærmare 160 - fordi tilbodet frå Hydro gjekk ut samtidig som Hydro var i ferd med å setje store nedskjeringar ut i livet.