NRK Meny
Normal

Ministeren vil ikkje kommentere

Det rår framleis full forvirring om Helse Førde kan omorganisere sjukehusstrukturen som planlagt.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var onsdag med i morgon

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det meste virka avklart tysdag etter at helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen sa følgjande frå talarstolen i Stortinget.

- Det skal etablerast lokalmedisinske senter over heile landet. Desse skal kome i tillegg til dei lokalsjukehus vi har i dag, ikkje som ei erstatning. Sentra må i utgangspunktet vere forankra i kommunane, og dei skal ha forpliktande avtaler med spesialisthelsetenesta.

- Skal ha sengepostar

Og det er nettopp nedlegging av lokalsjukehusa i Eid og Lærdal, og oppretting av lokalmedisinske senter, Helse Førde har planer om for å spare 150 millionar kroner. Helseministeren sa blankt nei til nedlegging av dei to sjukehusa, men vil, trass uttalen frå talarstolen, ikkje kommentere prosessen Helse Førde er i gang med.

- Eg berre seier at vi ikkje skal legge ned lokalsjukehus. Vi skal ha sengepostar på dei lokalsjukehus som vi har i dag og vi kjem til å ha spesialisthelsetenester. Men så må vi sjå på arbeidsdelinga mellom dei sjukehusa og sjukehuset i Førde, seier ho.

- Må gjere seg ferdig

Etter uttalen frå statsråden varsla styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, at styret no er villig til å vurdere framleis sengepostar i regi av helseføretaket både på Nordfjordeid og i Lærdal.

- For veldig mange vil ikkje eit lokalsjukehus vere eit lokalsjukehus utan føde og akutttilbod?

- Det er ikkje slik at eit lokalsjukehus må ha føde- og akuttilbod for å vere eit lokalsjukehus. Det aller viktigaste tilbodet på eit lokalsjukehus er faktisk den medisinske akuttfunksjonen og det medisinske tilbodet. Det er det dei aller fleste har behov for. Samstundes seier vi også at det skal vere nærleik til eit fødetilbod og akuttilbod sjølv om det ikkje finnast på alle sjukehus. Her må ein sjå dette i ein total samanheng. Eg går ikkje inn og seier kva som skal vere kvar. Helse Førde må gjere ferdig sin prosess og legge det fram for Helse Vest, seier Strøm-Erichsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser