Normal

Mindre hogst i fylket i år

Etter fleire år med enorm vekst i tømmerhogsten i fylket, har det i år flata ut. i rekordåret 2014 vart det hogge 160 000 kubikkmeter skog, og det er kome 25 nye stillingar i næringa.

Tømmer på kaien i Kaupanger

HOGSTEN FLATAR UT: Tømmer på kaien i Kaupanger

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I 2015 så tar vi ein liten pause i den rivande utviklinga av hogsten, seier Mads Jensen, som er leiar for Vestskog.

Han er ikkje er uroa over at det har roa seg i år, men seier at det trengst større satsing enn det er i dag.

Optimisme i næringa

Dei siste fem åra har det blitt hogge rekordmykje skog i fylket, og i toppåret i fjor vart 160 000 kubikkmeter teke ned.

– Optimismen i næringa held stand, trass i at det i år har vore ei utflating av uttaket, seier Jensen i nyskipa Vestskog.

Han meiner det er vesentleg at det blir satsa på næringa for skogen som var planta på 1950 og -60-talet er no er hogstmogen.

– Vi er heilt sikre på at vi framleis vil ha ei bra utvikling av hogsten i fylket.

Treng fleire bedrifter

Det er kome 25 nye stillingar i drifta av hogst dei siste åra. Men skal det halde fram med å vekse, må det fleire bedrifter til.

– Og kommunane må engasjere seg seier Jensen.

Satsar i Sogn

Kommunane har gått saman om å drive arbeid for å utvikle skogbruket. Dei har sett av to stillingar til kommunal skogforvaltning og det skal jobbast med motiveringsarbeid, planlegging av skogsvegar, planting, utvikling av eksisterande sagbruk.

Leiar for Sogn regionråd, Harald Offerdal, seier dei vil nytte seg av ressursane som ligg i naturen.

– Her ligg det eit stort inntektspotensial for skogeigarane i regionen. Den andre biten er at vi ser at vi treng å få samordne oss og få til ei felles satsing i regionen.

Kommunane i Sogn har fått midlar frå Fylkesmannen til å satse på skogsbruk.

– Vi treng litt meir administrativ kapasitet i kommunane, seier Offerdal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune