Hopp til innhold

Har aldri hogge så mykje tømmer før

Aldri før har det blitt hogge ut så mykje tømmer i Sogn og Fjordane. I løpet av 2013 vart det hogge ut 149.000 kubikkmeter med skog til ein verdi av 68 millionar kroner.

Tømmerhogst

REKORDHOGST: 2013 er å rekne for eit rekordår når det kjem til avverking av tømmer i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Oppryddinga etter romjulsorkanen Dagmar er hovudårsaka til rekordhogsten.

Ein av dei som har gjort gode pengar på tømmerhogst er Marin Braanaas Kleppe. 26-åringen i Førde starta i fjor opp eit eige hogstselskap saman med ein kamerat. Og draumen om å gjere gull av grøne skogar har blitt verkeleg i løpet av dei siste månadane.

– Då vi starta opp i fjor var det mykje på grunn av Dagmar, etter det vart det plutseleg ein veldig auke i trefellinga. Men no er Dagmar-skogen i ferd med å ta slutt, og vi har byrja gå på ståande skog, seier Braanaas Kleppe.

Har gjort levebrød av skogen

Martin Braanaas Kleppe

LEVEBRØD: Martin Braanaas Kleppe har gjort skogen til levebrød.

Foto: Bård Siem / NRK

Den unge bonden har gardsbruket sitt på eig ope høgdedrag på Ytre Åsen i Førde med flott utsyn austover mot grendene i Jølster.

Han har sjølv 500 kubikkmeter produktiv skog og då vi vitja han var avløysaren hans i full gang med felling og kvisting.

– Her har vi eit felt med sitkagran, seier gardbrukaren og peikar og forklarar.

– Lenger oppover er det nesten berre furuskog.

Frå 50.000 til 149.000 kubikkmeter

Martin Braanaas Kleppe er ein av relativt få bønder som vel å ta ut mykje skog. I perioden frå 2002 til 2011 vart det berre hogge i underkant av 50.000 kubikkmeter årleg i Sogn og Fjordane.

Etter orkanen Dagmar har ein derimot sett ei endring. Uvêret blåste over ende store mengder skog, noko som har synt godt igjen på hogststatistikkane.

I 2012 var den samla hogsten på 135.000 kubikkmeter, medan det vart rekord til no med 149.000 kubikkmeter i fjor.

Storparten av dei 149.000 kubikkmeterane med skog vart omsett gjennom Sogn og Fjordane skogeigarlag. 118.000 kubikkmeter tømmer gjekk gjennom skogeigarlaget, medan dei resterande 31.000 vart omsett via andre eller privatpersonar.

Håpar å ta ut tømmer for 200 millionar

Mads Jensen i Sogn og Fjordane skogeigarlag er nøgd med rekordhogsten i fjor, men seier det bør hoggast endå meir i åra som kjem.

– Skogen etter den store skogreisinga på 1950 og 1960-talet byrjar etter kvart å bli hogstmoden, og eg håpar at bøndene ser at det er riktig og viktig å ta den ut.

– I fjor representerte avverkinga ein verdi på 68 millionar kroner, og vi trur at vi om ti år vil kunne ha ei avverking som er verdt 200 millionar kroner i Sogn og Fjordane, seier Jensen og legg til:

– Skogbruket i Sogn og Fjordane er ei næring i sterk vekst.

(Artikkelen held fram under)

Det går mot rekordår for tømmerhogsten i Sogn og Fjordane. 
Og det e orkanen Dagmar sine herjingar som har sett fart i næringa.

SATSAR PÅ SKOGSDRIFT: Martin Braanaas Kleppe og kameraten Tarje Kusslid starta i fjor vinter opp firmaet Sunnfjord Skog AS. Då NRK vitja dei ein månad seinare var dei sikker på at det var gode pengar i skogsdrift. Videoen er frå april 2013.

Trygg på å tene pengar

I tillegg til hogst på eigen gard investerte Martin Braanaas Kleppe i 2012 i eigen hogstmaskin. Året etter la han sparepengane i hogstselskapet Sunnfjord Skog AS, og allereie etter ein månad drift var kameratane trygge på det fanst ei framtid i skogdrift.

– Det er pengar i dette, så lenge ein greier vere effektiv, sa Braanaas Kleppe til NRK.no i fjor mars.

Men mange meiner det ikkje er pengar å tene på skogshogst, og mange skogeigarar vel framleis å la skogen stå. Braanaas Kleppe er klar på at dei tek feil.

– Ein kan sjølvsagt velje å la skogen stå, då vil den ikkje vere verdt noko. Men skogen er ein ressurs, og det blir ein ressurs når den blir teken ut. Er skogen hogstmoden, som til dømes grantre på over 60 år, så er det pengar i det. Det er det ikkje tvil om.

– Ikkje kultur for skogsdrift i fylket

– Men kvifor høgg då bøndene så lite skog?

– Det er ikkje noko kultur for skogsdrift i Sogn og Fjordane, ikkje slik det er til dømes på Austlandet, i Sverige og i Finland, seier den unge gardbrukaren.

Mads Jensen i Skogeigarlaget seier skogeigarane tapar store pengar om dei let skogen stå for lenge.

– Den kan få for grove dimensjonar og byrje tørke og forfalle, då vil skogen bli forringa i verdi, seier Jensen.