Hopp til innhold

Mindre budsjettsprekk enn venta

Helse Førde kan få ein litt mindre budsjettsprekk enn venta.

Førde Sentralsjukehus
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det går fram av ein rapport som administrasjonen i helseføretaket legg fram for styret på neste møte, skriv firda.no.

Der står det at budsjettsprekken truleg vil bli 15 millionar kroner, og ikkje 20 millionar som ein hadde rekna med.

Inntektene er høgare enn budsjettert, men både lønskostnader, drift- og varekostnader endå meir.

Både når det gjeld innleggingar og dagpasienter er det færre enn planlagt ved dei tre sjukehusa.