Hopp til innhold

Mina blir skjelt ut av sinte bilistar

VANGSNES (NRK): Raset på E16 skapar sinne på ferjekaien på Vangsnes. I går var kaien stappa full av bilar, og køen gjekk mange hundre meter ut i riksvegen.

Mina Målsnes

MÅ TOLA MYKJE: – Dei fleste bilistane oppfører seg flott, men nokre få let frustrasjonen gå ut over oss, seier billettør Mina Målsnes på Vangsnes ferjekai.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I går var det heilt texas, seier ferjebillettør Mina Målsnes medan ho dirigerer dei mange bilane som svingar inn på ferjekaien på Vangsnes.

I går fylte bilkøen alle åtte oppstillingsfelta og gjekk ytterlegare fleire hundre meter ut i riksvegen. Der måtte bilane og vogntoga venta i 20 minuttar før dei fekk plass på kaien.

– Dei fleste bilistane er hyggjelege og forstår at dei må venta, men nokre blir irriterte.

Arge bilistar

Trafikken på ferjekaien er firedobla etter at raset i Gudvangen tysdag ettermiddag stengjer E16. Riksveg 13 over Vikafjellet er då blitt ein av omkøyringsvegane til stamvegen opnar att.

Ferjekø Vangsnes

LANG VENTETID: Vangsnes ferjekai

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kø og venting får det til å koka over for einskilde, og det er det ferjemannskapet og billettørane, som Mina Målsnes, som får høyra:

– Dei seier at dette er heilt hol i hovudet, og at me må følgja meir med på folk som snik.

– Kva føler du når du blir skjelt ut?

– Det tykkjer eg er veldig dårleg. Dei eig ikkje folkeskikk. Dei burde forstå at me gjer så godt me kan. Men me kan ikkje gjera anna enn å smila til dei og forklara stoda.

Verste nokosinne

Målsnes har hatt sommarjobb som ferjebillettør på Vangsnes ferjekai i sju år, og det har vore kaos før òg, som då Gudvangatunnelen blei stengd i 2013 og 2015 og riksveg 13 også dei gongane blei omkøyringsveg.

Ferje Vangsnes

STUANDE FULLT: Ferjemannskapet arbeider på spreng for å ta unna dei lange bilkøane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Men så gale som det var i går, har eg aldri opplevd. Då kom det rett og slett altfor mange bilar for denne kaien.

Ei forklaring på det er at raset gjekk midt i fellesferien medan dei to brannane i Gudvangatunnelen skjedde i august då trafikken ikkje er like stor.

Tek det med ro

Der nokre iltre bilistar kavar seg opp, tek to-barnsfar Gunnar Horneland kø og venting med ro.

– Me er på ferie og gjer ein tur ut av dette.

Horneland er på veg frå Bergen til Nord-Trøndelag. Han hadde tenkt å køyra den kortaste vegen via E16, men måtte på grunn av raset reisa om Sogn.

Gunnar Horneland

VENTING MED SMÅUNGAR: – Førebels går det bra. Dette er den fyrste etappen, så me får sjå utover dagen, smiler Gunnar Horneland, ein av dei mange i bilkøen på Vangsnes ferjekai.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Kva gjer de om de ikkje kjem med ferja?

– Då tek me matpause. Det er ferie, så me orkar ikkje å stressa.

Ikkje alle bilistane er altså like sindige som Horneland. Difor kjem det godt med for Mina Målsnes at ho har mange års røynsle:

– Det er berre å smila. Me kan ikkje gjera noko med at dei er sure. Ein får berre håpa dei får ein fin tur uansett.