Hopp til innhold

Her må du vente lenge om du vil over fjorden

Det er lange køar på ferjesambandet Hella-Vangsnes onsdag kveld. Vegstenginga på E16 i Gudvangen fører til lang ventetid for dei som vel denne vegen mellom aust og vest.

Mykje trafikk og lange køer på ferjekaien på Vangsnes

STOR TRAFIKK: Dei som skal over ferjesambandet Hella-Vangsnes onsdag kveld må bu seg på ei god stund med venting.

Foto: Privat

– Det er vel ein time og 20 minutt ventetid, seier vaktoperatør Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no like før klokka 19.

Det store steinraset på E16 i Gudvangen tysdag ettermiddag fører til trafikale utfordringar. Raset stenger hovudvegen mellom Oslo og Bergen, ei ferdselsåre som er sterkt trafikkert året rundt.

Med turisttrafikken i tillegg er det svært mange som må legge ut på omkøyringsvegane, E134 Haukelifjell, riksveg 7 Hardangervidda og riksveg 13 via Vikafjellet.

E16 blir tidlegast opna om nokre dagar, då det er eit omfattande ryddearbeid som må til først.

I 13-tida melde Fjord1 om lange køar på ferjesambandet Hella-Vangsnes, då var det vel ein time venting frå begge sider. Like før klokka 19 er det blitt hakket verre, med ventetid på ein time og 20 minutt frå begge sider.

Ekstra bemanning

Både Fjord1 og Statens vegvesen har sett inn ekstra bemanning på ferjekaiene på Hella og Vangsnes. Driftsvakt Terje Stub i Fjord1 seier dei gjer dette for å lettare kunne informere frustrerte bilistar.

Erikstad i Vegtrafikksentralen seier trafikken er så stor at køane onsdag kveld strekker seg langt ut forbi sjølve ferjekaiene på Hella og Vangsnes. Vegvesenet sine trafikkdirigentar går difor ut i enden av køane for å informere dei som kjem i køen om situasjonen og forventa ventetid.

– Det er også skilta, slik at dei som kjem inn til køane ikkje kjem køyrande i 80 kilometer i timen og køyrer inn i bilane som står der, seier Erikstad til NRK.no 18.45 onsdag kveld.

Problem med ferje

Fjord1 opplyste onsdag ettermiddag at dei set opp ekstraavgangar utover kvelden for å ta unna trafikken.

C-ferja som normalt sluttar å gå 20.15 går fram til 21.45, B-ferja sluttar vanlegvis å gå klokka 21, men går i kveld fram til midnatt, opplyser driftsvakt Terje Stub. A-ferja går i si vanlege rute.

Onsdag ettermiddag fekk den eine ferja på sambandet, «MF Gulen», problem og måtte takast ut av drift. Denne vart umiddelbart erstatta av «MF Sunnfjord». Skilnaden på dei to er at Gulen har ein del større kapasitet, der Gulen kan ta 45 bilar meir enn Sunnfjord, fortel Stub.

Det blir jobba iherdig for å få «MF Gulen» tilbake i drift.

Les meir på Fjord1 sine sider.

– Køyr om Førde

Erikstad ved Vegtrafikksentralen seier eit godt alternativ for mange som skal til Bergen vil vere å køyre via Førde og krysse Sognefjorden med ferjesambandet Lavik-Oppedal.

– Ein kjem langt på ein time og 20 minutt, så i staden for å vente, kan ein vurdere den vegen, seier Erikstad.