NRK Meny
Normal

Millionfangst i Sørishavet

"Frøyanes" har gjort rekordfangst i Sørishavet. Linebåten frå Stad i Selje har fanga fisk for over 20 millionar kroner.

Frøyanes. Foto: Marin Teknikk AS
Foto: Marin Teknikk AS

Når dei no kjem til Montevideo, hovudstaden i Uruguay, har dei rundt 220 tonn med patagonisk tannfisk i lasta. Verdien på fangsten er 22,5 millionar norske kroner. Fangsten tilsvarar eitt års fiske for linebåtar flest i Norge.

Tannfisken er svært ettertrakta på den amerikanske og asiatiske marknaden.

- Steminga er på topp

Tannfisken har opplevd eit prishopp etter at det vart slått kraftig ned på piratfiske. No er den prisa til over 100 kroner per kilo. Dette tener fiskarane gode pengar på.

- Vi er veldig godt nøgde, og stemninga i skipet er på topp, seier skipper Leiv Petter Hoddevik etter det rundt to månader lange fisket.

Båten er eigd av reiarlaget Ervik Havfiske i Selje.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.