Hopp til innhold

Millionar til Vik og Bremanger

Høgsterett har avvist anken frå forsikringsselskapet ACE. Det betyr at forsikringsselskapet må betale 90 millionar kroner til Terrakommunane. Det er rådmann i Vik Oddbjørn Ese nøgd med.

Rådmann Oddbjørn Ese

IKKJE AVKLART: Sjølv om rettssaka mot ACE no er avgjort til Terrakommunane sin fordel, fortel Ese at Terrasaka framleis ikkje er over.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I 2007 kom den såkalla Terraskandalen som kosta fleire kraftkommunar, mellom anna Vik og Bremanger, store beløp. Torsdag avviste høgsterett anken til forsikringsselskapet ACE. Det betyr at forsikringsselskapet må betale Terrakommunane 90 millionar kroner i erstatning. Av desse går nærare 10 millionar til Vik kommune, det gler rådmann Oddbjørn Ese.

– No har høgsterett sitt fagutval avvist anken til ACE. Det betyr at lagmannsretten si avgjerd står ved lag og at vi har fått ein rettskraftig dom. For Vik betyr denne avgjerda ein stad mellom 9,5 og 10 millionar.

Ikkje avklart

Sjølv om rettssaka mellom Terrakommunane og ACE no er avgjort, betyr ikkje det at Terrasaka no er avslutta. Ese fortel at det framleis kan ligge pengar på bordet.

– Det står framleis att to saker. Vi har store forventingar til at denne avgjerda vil virke inn på dei to som står att. Det økonomiske i dei er framleis så uklart at eg ikkje vil spekulere i tal, men samla kan det vere snakk om eit større beløp enn i denne saka.

Prinsipp

Det er likevel ikkje pengane som er det viktigaste for rådmannen, han fortel at det viktigaste som har kome fram i avgjerda til høgsterett er skuldspørsmålet.

– Økonomien er ein ting, den er sjølvsagt viktig. Her har ein og prinsippet om at Terra er erstatningsansvarleg på grunn av aktlaus rådgiving. Eg føler at dette langt på veg er ei oppreising til Terrakommunane. No har ein slått fast at Terra gav dårlege råd og er ansvarlege.

Etter ni år med opprydding etter Terrasaka trur Ese no at dei siste sakene kan bli løyst om ikkje så lenge.

– Dei har lege på vent medan denne saka har gått føre seg, så vi håpar på og er trygge på at dei vil bli avklart utanfor rettssalen om ikkje så alt for lenge.