Gründeren og byggmeisteren frå Florø har jobba i tre og eit halvt år for å få godkjenning for flytande fritidsbustader i den omstridde strandsona. Han har heile tida hevda at hyttene gjev minimalt inngrep i naturen, og meiner prosjektet er svært miljøvenleg. Men planane har kollidert med utbyggingsforbodet - heilt fram til no.
- Må søkje på kvar plass
Onsdag overlet miljøvernministeren til den lokale stortingskandidaten, Per Steinar Osmundnes, å sleppe gladmeldinga til Stenbakk. Han seier det er eit prinsippvedtak Miljøverndepartementet no kjem med. - Ein må sjølvsagt søkje på kvar enkelt plass, og ha kommuneplanane klare. Avgrensingane er å ha dei i nærleiken av holmar og skjer, seier han. Departementet er oppteken av å ikkje avgrense allmenn tilgang til eit område. - Det er ikkje sett noko metergrense, men det er avhengig av planane i kommunen, seier han.
Og dermed går Stenbakk i gang med bygginga av hytte nummer to. Han meiner det viktigaste no er at det blir opna for at det også andre plassar i landet vert mogleg å byggje slike flytande hytter.