NRK Meny
Normal

Meteorologen lover ny finvêrshelg

Men høgtrykket trekk austover, og i neste veke blir det eit vêrskifte.

Haust i vest på gaularfjellet

HAUST: Det har vore mykje finvêr denne hausten. Her på Gaularfjellet.

Foto: ANNA GYTRI / NRK

Haust ved Røsskleivvatnet i Gloppen

FINT MOTIV: Kristin Mardal fann dette fine motivet ved Røsskleivvatnet.

Foto: Kristin Mardal

Hausten har vore solrik så langt i Sogn og Fjordane, og meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerli, kan love godvêr også denne helga.

– Å kalle oss vêrvinnarar denne hausten passar godt. No i morgontimane er det litt overskya i fylket, særleg i indre Sogn. Utover dagen vil det lette, og fredagen kjem til å bli fin. Også laurdag blir bra, men truleg vil det skye over på søndag.

Vêrskifte

Solnedgang ved Utvær

VÊRSKIFTE: Her går sola ned ved Utvær. Neste veke skal vêret snu, så kanskje det blir færre slike solnedgangar i Sogn og Fjordane framover.

Foto: Gunn Birknes

Også i starten av neste veke skal vêret bli bra, men Fagerli fortel at høgtrykket no er på veg austover.

– Det skjer litt endringar utover i neste veke. Høgtrykket som har gitt oss mykje fint vêr i haust er no ferd med å trekke langt inn i Russland. Då er det fritt fram for lågtrykk frå vest å legge seg her.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser