Hopp til innhold

Forskaren vart overraska over nyskapingsevna i fylket

SOGNDAL (NRK): - Med ein næringsstruktur som talar mot eit innovativt næringsliv, er det bedriftene sine evner til å vere innovative oppsiktsvekkjande, seier forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking.

Knut Vareide

OVERRASKA FORSKAR: Knut Vareide ved Telemarksforsking var overraska over nyskapinga til bedriftene i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Sogn og Fjordane har vore uheldig med forholda dei siste 10 åra. Og mest uheldig av alle fylka. Det sa forskar Knut Vareide ved Telemarksforsking då han måndag la fram presentasjonen sin på Leikanger.

Gulen er en av kommunene i Norge som har skapt flest arbeidsplasser de siste årene. 
Det står i stor kontrast til situasjonen i kommunene i resten av Sogn og Fjordane går det frem av en ny rapport.

Vareide har analysert befolkningsutviklinga og næringsutviklinga i Sogn og Fjordane, som er nedslåande for fylket.

– Hovudfunnet er at Sogn og Fjordane er blant fylka med lågast befolkningsvekst og blant dei fylka med lågast arbeidsplassvekst. Det kan skuldast strukturelle forhold som fylket eigentleg ikkje kan gjere noko med. Fylket har næringslivet i bransjar med nedgang og lite næringsliv i bransjar i vekst, i eit fylke med små og isolerte arbeidsmarknadar.

Motarbeidd av struktur

Likevel presenterte forskaren overraskande gode nyheiter når det gjeld å vere nyskapande.

– Der skårar Sogn og Fjordane veldig bra. Dei er blant dei mest innovative fylka i landet. Her er også næringsstrukturen eigentleg ikkje bidrege til det. Det betyr berre at når Sogn og Fjordane kjem høgt opp på innovasjon så er det enno meir oppsiktsvekkjande.

Kva har bedriftene fått til når du snakkar om innovasjon?

– Det har med om bedriftene har introdusert nye produkt og tenester, om bedriftene har utvikla nye metodar for produksjon, om bedriftene har introdusert nye måtar å marknadsføre bedriftene sine på. Då har vi sett på kor stor del av bedriftene som har gjort dette dei siste åra.

Han viser til at bedrifter særleg i Sogn og Nordfjord utmerker seg i å vere innovative og kjem høgt på statistikken.

– Bedriftene her er faktisk blant dei mest innovative i landet.

Kan komme nye tider

Han har inga forklaring på kvifor dei er best, men viser til at forskinga har kartlagt dei innovative bedriftene i regionen, og at dei er overraskande mange i Sogn og Nordfjord.

– Det å ha innovativt næringsliv må vere positivt. Dersom bedriftene ikkje prøvar er det negativt. Det å ha bedrifter som tilsynelatande satsar på å gjere ting på nye måtar er positivt.

– Dei strukturelle forholda som har vore ugunstige for Sogn og Fjordane treng ikkje å fortsette, det kan komme nye tider og utviklinga kan reverserast, og tradisjonelt næringsliv kan halde fram. Ei slik utvikling ville Sogn og Fjordane tene på, seier Vareide.

Den sosiale kaffitraktaren

Dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, set pris på at bedriftene i Sogn og Fjordane, markerer seg positivt på innovasjon.

– Det viser at det å dyrke større miljø eller klynger gir effekt. Eg trur vi må satse meir på det i fylket. Der fleire samlast, ein møteplass, gjerne på tvers av bransjar er positivt, seier Kvåle.

Han seier at bedriftseigarar er meir positive no enn før til å samarbeide og drive utvikling. Og samlingsstadar for å drive tankeverksemd er viktig.

– Ein skal ikkje undervurdere kaffitraktaren som element. Den har ein viktig funksjon. Det handlar om å møtast litt på sida av det ein eigentleg driv på med eller forretningsideen.