Hopp til innhold

Avsluttar søk etter melding om mann i Eidselva

Naudetatane, redningshelikopter og luftambulanse rykte ut etter melding om at ein mann hadde falle i elva på Nordfjordeid.

Eid

MELDING OM FALL I ELV: AMK fekk onsdag kveld melding om at ein person skal ha falle i ei elv på Nordfjordeid.

Foto: Tormod Flatabø / Fjordabladet

Etter vel to timar vart søket avslutta.

– Patruljen har vore i kontakt med dei som melde om hendinga. Sprikande og endra forklaringar. Ingen er sakna, og søket blir avslutta, opplyser politiet like over klokka 23.

Meldinga kom inn til AMK litt før kl. 20.30. Det blei då meldt om at ein mann skal ha fall i elva nærleiken av Malakoff på Nordfjordeid.

Til NRK opplyste Vest politidistrikt at det var yngre personar eller barn som melde frå om hendinga.

Dykkarar og tre båtar frå brannvesenet blei sett inn i søket, i tillegg til at redningshelikopter frå Florø, luftambulanse frå Førde, politi og ambulanse kom til staden.

Like før kl. 21.30 melder Vest politidistrikt at luftambulansen har avslutta søket, men at mannskap frå Eid Røde Kors er kalla ut.

Politiet melder at det er ei viss uvisse knytt til om nokon har falle i elva, og at dette blir undersøkt parallelt. Ingen er ifølgje politiet meldt sakna.

– Det har vore fleire personar i nærleiken av elva, blant anna fiskarar, men alle er gjort greie for så langt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK like etter kl. 22.