I over eit halvt år har han etterlyst svar på kvifor mora hans vart nekta sjukeheimsplass i Flora. Mor til Magne Hovland, Hjørdis Hovland, vart innlagd på sjukehus i fjor sommar. Lårbeinsbrotet var så alvorleg at ho ikkje klarte seg sjølv, og dei pårørande søkte om avlastingsplass for 84-åringen. Men svaret var negativt.
Får ikkje grunngjeving
Ifølgje avisa Firda har dei pårørande no i eit halvt år forsøkt å få ut ei grunngjeving på avslaget, utan å få det. Mor til Magne Hovland klarer seg no sjølv. Likevel vil dei pårørande melde kommunen for brot på informasjonsplikta.
Kommunen beklagar
Flora kommune vil no gjennomgå rutinane sine. Kommunalsjef Sverre Indredavik beklager på kommunen sine vegne.