Hopp til innhold

Melde kona sakna - no er han tiltalt for falsk forklaring

Statsadvokaten har tiltalt ein mann i Sunnfjord for å ha gitt falsk forklaring då han melde kona si sakna i 2011. Saka kjem opp i retten 22. mai.

Tek ut tiltale

MÅ I RETTEN: Mannen må møte i retten 22. mai for å ha forklart seg falskt då han melde kona si sakna.

Foto: NRK

Det var i januar i 2011 at den 33 år gamle eritreiske kvinna vart meld sakna av mannen sin. Då hadde det gått tre veker sidan han sist hadde hatt kontakt med henne.

Kvinna kom til Norge i desember året før, etter å ha fått godkjent familiegjenforeining.

Mannen vart varetektsfengsla 28. januar 2011, sikta for falsk forklaring, og sat fem døgn på glattcelle.

I avhøyr gav mannen ulike forklaringar på kvar han sist såg kona si. Gulating lagmannsrett oppheva seinare domsavgjerda om varetektsfengsling. Politiet tok saka til Høgsterett, men Høgsterett halde oppe vedtaket frå lagmannsretten.

Sa han var i Bergen, men spora peikte mot Oslo

Politiet meiner at mannen forklarte seg falsk då kona hans forsvann. I tillegg fortalde han at han sjølv var i Bergen på det tidspunktet.

Men då politiet spora mobiltelefonen sin, synte det seg at han var i Oslo på det tidspunktet han hevda å vere i Bergen.

Både Førde og Naustdal lensmannskontor og Kripos etterforska saka. Med hjelp frå svensk politi vart den sakna kvinna funnen i Sverige i god behald.

Dommen vart oppheva

Saka var tidlegare oppe i Fjordane tingrett, men lagmannsretten oppheva dommen på grunn av sakshandsamingsfeil.

– No kjem saka opp att i tingretten, seier aktor Erling Melvær.

Kona er no eitt av to vitne som aktoratet har kalla inn til retten.

– Saka skal opp 22 mai, og det er sett av ein dag til saka, seier Melvær.

Forsvararen til den tiltalte mannen, Henrik Birkeland, har ingen kommentar til tiltalen.