Hopp til innhold

Kvinne sakna - ville fengsle mannen

Politiet gjekk til Høgsterett for å få varetektsfengsla ein mann, etter at han melde kona si sakna for to veker sidan.

Ivar Blikra

VANN FRAM: Politiet kan ikkje varetektsfengsle ein ektemann som har meld kona si sakna. Advokaten til mannen, Ivar Blikra, er nøgd med at han fekk medhald også hos Høgsterett.

Foto: NRK

Mannen vart i Fjordane tingrett varetektsfengsla for to veker, men denne vart oppheva av Gulating lagmannsrett. No har også Høgsterett avvist anken frå politiet.

Lagmannsretten avviste anken fordi dei meinte politiet eigentleg mistenkjer mannen for å ha medverka til at kona er vekke.

- Då får påtalemakta anten ta ut sikting på det dei meiner som har skjedd, eller så får dei gje han fred, seier forsvarar Ivar Blikra.

- Tok beslag i alt

Mannen, som er av utanlandsk opphav, melde sjølv kona si sakna for to veker sidan. I avhøyr gav han ulike forklaringar på kvar han såg kona sist.

Politiet ville varetektsfengsle mannen fordi dei frykta at mannen kunne øydeleggje bevis, men lagmannsretten viser til at politiet allereie sit med forklaringa hans. Det vart også teke beslag i bustad og alle eigendelane til mannen. Desse har han no fått tilgang til.

- Han har erkjent uriktig forklaring, seier Blikra som ikkje ynskjer å gå inn på forklaringa til mannen sidan saka er under etteforsking.

Øydeleggje bevis

Blikra er svært kritisk til at mannen først vart sett fem dagar på glattcelle, før han vart overført til fengsel og skildrar det som eit alvorleg overgrep mot mannen.

Han meiner tiltaka frå politiet ikkje samsvarer med siktinga som går på falsk forklaring. Blikra meiner mannen er blitt utsett for eit overgrep.

- Eg oppfattar det slik. Lagmannsretten er klar og tydeleg på at denne fengslinga reelt sett er grunna i andre forhold enn uriktig forklaring, seier han.

Må etterforske breidt

Lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde, seier at dei per no ikkje mistenkjer ektemannen for andre forhold enn det han er sikta for. Han vedgår at to veker varetektsfengsling og eit slikt omfattande beslag ikkje er vanleg i slike saker.

Falsk forklaring plar oftast bli straffa med fengsel på vilkår i straffesaker.

- Problemet til politiet, er at vi ikkje veit kvifor vi har fått ei falsk forklaring. Difor må vi etterforske saka breidt, seier Tvinde.

Samarbeider med Kripos

Av omsyn til etteforskinga ynskjer ikkje Tvinde å kommentere korleis dei fryktar mannen kan øydeleggje bevis.

Tvinde ynskjer heller ikkje å seie kva dei meiner har skjedd med kvinna. Ho er førebels ikkje etterlyst.

- Vi har våre teorier om det, men det ynskjer vi ikkje å gå ut med endå. Vi har fleire etterforskarar på saka. Det er viktig å få sjekka ting i utlandet også, så vi samarbeider også med Kripos i samband med dei tinga, seier han.