Hopp til innhold

Melde kona sakna etter tre veker

Ektemannen som politiet vil varetektsfengsle for falsk forklaring, melde kona si sakna først etter tre veker.

Mannen kom til politiet 24. januar. Då hadde det gått kring tre veker etter at han sist hadde hatt kontakt med henne.

To dagar seinare vart han pågripen og varetektsfengsla i to veker for falsk forklaring.

- Han gjekk til politiet for å melde sin ektefelle sakna. Han har same uro, og ynskjer politiet si hjelp med å finne ho, seier forsvararen til mannen, Ivar Blikra.

Avviste anke

Varetektsfengslinga vart oppheva av Gulating lagmannsrett. Høgsterett har også avvist politiet sin anke av avgjerda til lagmannsretten.

Blikra ynskjer ikkje å gå nærare inn på forklaringa til mannen, men mannen vedgår å ha gjeve ulike forklaringar på kvar han såg kona sist. Heller ikkje politiet ynskjer å gå inn på kva dei meiner har skjedd med kvinna.

- Vi har fleire etteforskarar på saka. Det er viktig å få sjekka ting i utlandet også, så vi samarbeider med Kripos i samband med dei tinga, seier lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde.

Brei etterforsking

Det er førebels uvisst kvifor mannen har forklart seg ulikt. Det gjer også arbeidet til politiet vanskelegare, seier Tvinde. Kvinna er førebels ikkje etterlyst.

Politiet frykta at mannen kunne øydeleggje bevis og ynskte difor mannen varetektsfengsla. Lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde, seier at dei ikkje trur at kvinna er utsett for noko kriminelt.

- Problemet til politiet, er at vi ikkje veit kvifor vi har fått ei falsk forklaring. Difor må vi etterforske saka breidt, seier Tvinde.

- Svært alvorleg

I tillegg til å sikte mannen for falsk forklaring, tok politiet beslag i alle eigendelane til mannen. Etter vedtaket til Høgsterett før helga, har påtalemakta løyst opp i beslaget og levert attende det vesentlegaste som tilhøyrer mannen.

Mannen sat fem døgn på glattcelle før han vart transportert til vanleg fengselscelle. Blikra er kritisk til politiet sitt arbeid og meiner tiltaka ikkje samsvarar med siktinga. I straffesak plar falsk forklaring bli straffa med ei kort fengselsstraff på vilkår.

- Eg tykkjer dette er svært alvorleg. Vi har fått klar oppmoding frå advokatforeininga og forsvarargruppa å påtale dei brot som er på denne glattcellebestemmelsen, som inneber at ein ikkje skal haldast på glattcelle meir enn to døgn før overflytta til ordinær fengselscelle, seier Blikra.

Fleire fengselsceller

Advokaten meiner denne saka viser at det er stort behov for ei fengselscelle i Sunnfjord-regionen. Frå Førde til fengselet i Vik og Bergen, er det kring tre timars avstand.

Ved mangel på fengselsceller risikerer personar sikta i straffesaker å sitte på glattceller lengre enn dei kan. Blikra seier at total isolasjon på glattcelle inneber risiko for alvorleg skadeverknad på mental helse.

- Ein må anten oppjustere tal plassar i desse fengsel slik at ein til ei kvar tid har tilgjengeleg varetektsfengselsceller. Eventuelt må ein opne for mulighet lokalt og ikkje berre ha glattceller i Sunnfjord-regionen. Eg tykkjer det er utruleg at ein i si tid ikkje var merksame på dette i samband med det nye politihuset i Florø, seier Blikra.