Hopp til innhold

Meir til barnevernet i fylket

Kommunane i Sogn og Fjordane får til saman 4,5 millionar kroner øyremerka til barnevernet.

Det er klart etter at forslaget til statsbudsjettet for neste år blei lagt fram no klokka 10 .

Totalt løyver regjeringa 400 millionar til barnvern neste år. Sogn og Fjordane er det fylket landet som har færrast tilsette i barnevenet per 1000 born.

Nestleiar Kristine Kopperud Timberlid i Sogn og Fjordane SV er godt nøgd regjering si satsing.

– Vårt fylke vil absolutt få eit løft med desse midlane. Det er pengar som vil kunne toppe opp allereie eksisterande stillingar. Vi er eit fylke der det er barnevernsteneste der det kanskje berre er ein, to eller tre stillingar. Eg trur desse midlane kan utgjere ganske mykje for kvar enkelt kommune, seier Timberlid til NRK.

Ho trur midlane kan bidra til at stillingar som i dag har låg stillingsheimel kan aukast opp. Vonaleg til heile stillingar.