Formannskapet i Fjaler opnar for at kommunen skal kunne gå inn med meir pengar i samband med skipinga av selskapet Lutelandet Utvikling AS.
I utgangspunktet skal Fjaler kommune gå inn med 34 prosent av aksjekapitalen på 100.000 kr og dekke 34 prosent av dei årlege driftsutgiftene på 400.000 kr.
Tanken er at det nye selskapet skal ha dagleg leiar i halv stilling, men formannskapet vurderer å yte midlar også til ei heil stilling.